Studieprogram: MAHF-DIKUL Masterprogram i digital kultur - Vår 2011




Mål og innhald

Digital kultur set fokus på sosiale, kulturelle og estetiske aspekt ved informasjons- og kommunikasjonsteknologi, og på samspelet mellom kultur, samfunn og teknologi.

Masterprogrammet i Digital kultur har som mål å gi studentane ei brei og grundig innføring i aktuelle problemstillingar, metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar i IKT og humaniora. Mastergradsstudiet i Digital kultur inneheld fleire hovudretningar, som alle kan kombinera teoretiske, metodiske og teknologiutviklande perspektiv. Faget føreset både praktisk dugleik og analytiske og kreative evner.

Mastergradsstudiet i Digital kultur er eit fulltidsstudium over fire semester, tilsvarande 120 studiepoeng. Studiet består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Minst 30 studiepoeng av kursdelen skal vere emne frå digital kultur.

Masteroppgåva skal vere eit resultat av ei sjølvstendig utforsking av ein relevant problemstilling i digital kultur. Den kan kombinere teoretiske, metodiske og teknologiutviklande perspektiv. Eit vellukka arbeid krev praktisk kompetanse i tillegg til analytiske og kreative evner. Tema for oppgåva vel du i samråd med rettleiaren din. I prinsippet kan temaet for oppgåva veljast fritt i samråd med rettleiaren innanfor dei totale rammene til faget og ut frå eigne interesser og faglege føresetnader. Det er elles høve til å knyte oppgåva til konkrete behov i ulike institusjonar eller verksemder.

Læringsutbyte

Ein kandidat med mastergrad i digital kultur frå Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen skal kunne:

Kandidaten skal:

Kandidaten skal:

Opptakskrav

Masterstudiet byggjer på ein bachelorgrad med spesialisering i digital kultur (tidlegare humanistisk informatikk).

For søkjarar utan spesialisering i digital kultur kan følgjande kvalifisere for opptak:

Søkjarane vurderast individuelt av fagmiljøet.

Søkjarar utan ei godkjend spesialisering i digital kultur kan måtte ta enkeltemne frå bachelornivået i digital kultur før dei kan takast opp til masterprogrammet. For at interesserte søkjarar skal få tilbakemelding om dette i god tid, må dei søkje om å få vurdert opptaksgrunnlaget sitt så tidleg som mogleg. Søknad om dette kan sendast Det humanistiske fakultet innan 15. mars (for opptak til høsten) eller 1. oktober (for eventuelt suppleringopptak til våren).

Tilrådde forkunnskapar

Søkjarar til masterstudiet i digital kultur bør ha kjennskap til sentral kunnskap frå fagfelt som digital kultur, nye medium, teknologi og samfunn. Dei bør òg ha bakgrunn frå humaniora eller samfunnsvitenskap.

Obligatoriske emne

DIKULT301 - Metodar og mastergradsprosjekt i digital kultur (15 sp, haust)

DIKULT302 - Sentrale teoriar i digital kultur (15 sp, haust)

DIKULT350 - Masteroppgåve i digital kultur (60 sp)

Tilrådde valemne

DIKULT303 - Digital medieestetikk (15 sp, vår)

DIKULT304 - Seminaremne i digital kultur (15 sp, vår)

DIKULT305 - Praksisprosjekt i digital kultur (15 sp, vår)

Som ordinær del av masterstudiet kan studentane dessutan velje:

INFO352: Samtidige og historiske perspektiv på pedagogisk informasjonsteknologi (15 sp)

INFO361 Menneske-maskin interaksjon (15 sp)

(Emna blir gitt av institutt for informasjons- og medievitenskap.)

DASP303 Datalingvistisk modellering (15 sp)

(Emnet blir gitt av institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium)

Det er òg mogeleg å ta valemne ved andre universitet.

Sjå informasjon om ´delstudium i utlandet´.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider.

Rekkefølgje for emne i studiet

Det er tilrådd at kandidatane tar kursdelen det første året. Det obligatoriske emnet DIKULT301 bør, om mogleg, takast i det første semesteret. Hovuddelen av arbeidet med masteroppgåva (DIKULT350) vil normalt utgjere det siste året av studiet.

Ein mastergrad i digital kultur kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust):

DIKULT301 - Metodar og mastergradsprosjekt i digital kultur (obligatorisk, 15 sp)

DIKULT302 - Sentrale teoriar i digital kultur (15 sp, haust)

2. semester (vår):

DIKULT303 - Digital medieestetikk (15 sp)

DIKULT304 - Seminaremne i digital kultur (15 sp) eller

DIKULT305 - Praksisprosjekt (15 sp)

3. og 4. semester:

DIKULT350 - Masteroppgåve i digital kultur (obligatorisk, 60 sp)

Krav til progresjon i studiet

Normalprogresjon er 30 studiepoeng i semesteret.

Delstudium i utlandet

Det er mogeleg å ta delar av studiet i utlandet. Digital kultur vil spesielt tilrå utveksling gjennom Nordplus Nordic Digital Culture Network, som opner for delstudium i:

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Undervisningsmetodar

Undervisningsformene involverer førelesing, seminar og rettleiing. Det er forventa aktivitet frå studentane i dei fleste emna, i form av skiftlege og munnlege presentasjonar.

Vurderingsformer

I løpet av masterstudiet i digital kultur vil du skrive prosjektskisse, semesteroppgåver og essays. Du kan velje å gjennomføre eit praktisk prosjekt med justerande munnleg prøve, og du skal skrive ei masteroppgåve.

Karakterskala

Det obligatoriske emnet DIKULT301 blir vurdert til bestått/ikkje bestått, medan dei andre emna i graden bruker den nasjonale karakterskalaen A til F.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Evaluering av enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emneomtalen.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt: studierettleiar@lle.uib.no