Studieprogram: MAHF-HIS Masterprogram i historie - Høst 2011




Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i historie er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel som utgjer 60 studiepoeng, og eit sjølvstendig forskingsarbeid (mastergradsoppgåve) på 60 studiepoeng.

Mastergraden kvalifiserer for stillingar der realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefagets forskingsmetodar er relevante (t.d. skuleverket, offentlege og private arkiv, museumsinstitusjonar, media, offentleg administrasjon osv.).

Mastergradsstudiet skal gi studentane djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår i tilknyting til dette innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruke fagets teori, metodar og teknikkar i løysinga av historiske problem.

Opptaksgrunnlag

Mastergrad i historie byggjer på oppnådd bachelorgrad (180 studiepoeng) med 90 poeng spesialisering i historie, eller tilsvarande.

Krav til forkunnskapar

Masterprogrammet i historie byggjer på oppnådd bachelorgrad (180 studiepoeng) med 90 poeng spesialisering i historie, eller tilsvarande.

Metode

Forskingsmetodane innan historiefaget er mangfaldige og varierte, avhengig av problemstillingar, kjeldemateriale og teoretisk tilnærming. Instituttet ønskjer å leggje til rette for at du skal kunne tileigne deg kompetanse innan ulike metodar tilpassa ditt eige forskingsprosjekt.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på studiar av historiske kjelder og/eller historisk forskingslitteratur. Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gi deg djupare innsikt i teori og metode innan historieforsking. Ho skal også gi deg ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale i tillegg til innføring i eige vitskapleg arbeid. Alle masterstudentar ved instituttet har rett til individuell rettleiing. Du får tildelt rettleiar tidleg i studiet. Rettleiaren vil vere vitskapleg tilsett ved Historisk institutt.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet omfattar ein kursdel på til saman 60 sp og ei masteroppgåve på 60 sp. Det vil vere gode høve for utanlandsopphald, og vi er innstilt på å finne fleksible ordningar for deg som vil reise ut. Emna i kursdelen er strukturerte slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva. Dei gir innsikt i relevant forskingslitteratur, metodiske og teoretiske grunnproblem samt aktuelle teknikkar. Val av emne varierer alt etter kva tema som blir vald for masteroppgåva. Ein stor del av undervisninga blir organisert som seminar. Vi tilbyr kvart semester sju ulike masterseminar som gjenspeglar tidsperiodar og forskingsfelt ved instituttet: 1) Det austlege Middelhav og Midtaustens verd. Fra Babylon til Bysants 2) Mellomalderseminar, 3) Seminar i tidleg moderne tid, 4) Individ, kultur og samfunn i Europa etter 1800, 5) På tvers av grenser. Internasjonaliserings- og globaliseringprosessar etter 1945, 6) Politikk, forvalting og arbeidsliv. Norge og Europa etter 1945, 7) Midtaustenseminar. Eit masterprogram i historie vil sjå slik ut:

1. semester: HIS301 Historisk forskingslitteratur og HIS302 Historisk teori og metode (eller Historie- og samfunnsfag i undervisning og formidling (Samfunnsfagdidaktikk I)

2. semester: HIS303 Forskingsproblem og kjeldearbeid og HIS304 Teknikkar i historiefaget (eller Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk (Samfunnsfagsdidaktikk II)

3. og 4. semester: Masteroppgåva

Fageining og spesialisering

Masterprogrammet i historie tilbyr følgjande emne:

HIS 301 Historisk forskingslitteratur 15 stp. Semester: Vår og Haust. Obligatorisk

HIS 302 Historisk teori og metode 15 stp Semester: Haust

HIS 303 Forskingsproblem og kjeldearbeid 15 stp Semester : Vår og haust. Obligatorisk

HIS 304 Teknikkar i historiefaget 15 stp Semester: Vår

HIS 350 Mastergradsoppgåve 60 stp Obligatorisk.

Følgjande emne vert tilbudd saman med Høgskulen i Bergen:

(HIS 305 Historie- og samfunnsfag i undervisning og formidling (Samfunnsfagdidaktikk I) 15 stp. Semester: Haustsemestre med opptak på masterprogram i historie med samfunnsdidaktikk)

(HIS 306 Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk(SamfunnsfagdidaktikkII) 15 stp. Semester: Vårsemestre (2.sem.) påfølgjande haustsemester med opptak på masterprogram i historie med samfunnsdidaktikk)

Yrkesvegar

Masterprogrammet kvalifiserer til stillingar der realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefaget sine forskingsmetodar er relevante (f.eks. skoleverket, offentlege og private arkiv, museumsinstitusjonar, media, offentleg administrasjon osv.). Gjennom masterprogrammet tileigner studenten seg kompetanse i problemløysing, informasjonssøking og analyse som generelt er etterspurde kvalifikasjonar i den offentlege og private arbeidsmarknaden.

Delstudium i utlandet


Oppstart

Hovudopptak haust.

Reglement

Mastergradsstudentar med studieplass ved Historisk institutt har rett til individuell rettleiing. Rettleiar vert tildelt mot slutten av første semester. Rettleiinga er regulert gjennom individuelle rettleiingsavtaler.

Planforslag

Instituttet tilrår følgjande studieprogresjon for studentar som ikkje skal skrive ei fagdidaktisk mastergradsoppgåve:

1. semester HIS 301 HIS 302

2. semester HIS 303 HIS 304

3. semester HIS 350 (Mastergradsoppgåve)

4. semester HIS 350 (Mastergradsoppgåve)

Studentane må ta HIS 301 og HIS 303. Både HIS 302 og HIS 304 kan bytast ut. Ein kan då velje mellom HIS 305/HIS306 eller 300-emne frå andre fag/institusjonar etter søknad. Om studentar har teke Historisk teori og metode (HIS302) på 200-nivå, må dei velje eit anna emne på 300-nivå (15 stp.).

Meir informasjon

E-post: studieveileder@ahkr.uib.no