Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet. Enkelte førelesingar vil vere på engelsk.
Ein kandidat med integrert mastergrad i musikkterapi skal ha utvikla:
Integrert master i musikkterapi inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne. Førstesemesterstudiet er sett saman av Ex.phil (10 stp) og Ex.fac, akademisk skriving (10 stp) ved Det humanistiske fakultet. Dei siste 10 stp av første semester er normalt PSYK100 / Innføring i psykologi.
For innpassingsstudentar vil tilsvarande innføringsemne frå andre fakultet kunne godkjennast.
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:
Ex.phil og Ex.fac
PSYK100 / Innføring i psykologi
PSYK101 / Generell psykologi 1 eller PSYK102 / Generell psykologi 2 (15 stp)
MUF101 / Musikk, kultur og samfunn (15 stp)
MUTP101 / Innføring i musikkterapi (15 stp)
MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk (15 stp)
MUTP201 / Musikkterapi i pedagogiske kontekstar (15 stp.)
MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi (15 stp.)
MUTP203 / Musikkterapeutisk samspel (15 stp)
MUTP250 / Musikkterapi fordjuping (15 stp)
MUTP301 / Musikkterapi i habilitering og medisinske kontekstar (15 stp)
MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon (15 stp)
MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap (15 stp)
MUTP304 / Musikkterapi i psykisk helsearbeid og eldreomsorg (15 stp)
MUTP311 / Musikkterapiteori (15 stp)
MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode (15 stp)
MUTP350 / Masteroppgåve i musikkterapi (30 stp) eller MUTP360 / Masteroppgåve i musikkterapi (60 stp).
Innpassingsmodellar
Det integrerte masterprogrammet i musikkterapi gjev rom for innpassing av følgjande grupper søkjarar:
1) Søkjarar med alternativt førstesemester (Ex.phil, Ex.fac og eventuelt fagspesifikt emne) kan søkje
om godkjenning av dette som ekvivalent med det førstesemesteropplegget som er skissert i
normalprogresjonen.
2) Søkjarar med minimum 15 stp psykologi kan søkje om å få godkjend dette som ekvivalent med
PSYK101 eller PSYK102.
3) Søkjarar med minimum 15, 30 eller 45 stp musikk kan søkje om å få godkjend dette som ekvivalent
med MUF101, MUTP102 og/eller MUTP203.
4) Søkjarar med relevante emne i musikkterapi eller i musikk og helse kan søkje om å få desse
godkjende som ekvivalente med MUTP101, MUTP201, MUTP202 og/eller MUTP204.
5) Søkjarar med relevante høgskule- og universitetsfag (som t.d. musikk, pedagogikk, medisin,
helsefag, sosiologi eller antropologi) kan søkje å få godkjend 15 eller 30 stp som ekvivalent med eitt
eller to valemne i studieprogrammet.
6) Søkjarar med godkjend bachelorgrad eller tilsvarande kan søkje om fritak frå førstesemesteremna og
dessutan aktuelle emne på 100- og 200-nivå, dersom søkjaren har tatt emne som kan vurderast som
ekvivalente med emne i den integrerte mastergraden i musikkterapi.
7) Studentar med godkjend utanlandsk bachelorgrad eller tilsvarande i musikkterapi eller med fullført
bachelorgrad eller tilsvarande inklusiv årsstudium i musikkterapi eller musikk og helse kan søkje om
å få godkjend dette som ekvivalent med dei seks første semestera i studiet. Desse studentane kan
byrje direkte på sjuande semester, dersom avlagt grad ved annan institusjon inneheld ei
spesialisering som kan godkjennast som ekvivalent med spesialiseringa i integrert masterprogram i
musikkterapi ved UiB.
8) Søkjarar med godkjend bachelorgrad eller tilsvarande og dessutan toårig vidareutdanning i
musikkterapi eller tilsvarande kan søkje om innpass til den vitskapelege delen av sjuande til tiande
semester, og følgjer altså undervisninga i emna MUTP311, MUTP312 og MUTP350.
Søknader om innpass vurderast individuelt. Det blir gjennomført opptaksprøver for innpassingssøkjarar i
gruppe 1 til 7.
For innpassingsstudentar er det eit generelt karakterkrav på C eller betre for dei emne som blir
godkjende som ekvivalente med emne i den integrerte mastergraden i musikkterapi.
Søkjarar i gruppe 1 til 7 er vanlegvis heiltidsstudentar og får individuelt tilpassa utdanningsplanar, så langt
dette er praktisk mogeleg.
Søkjarar i gruppe 8 følgjer normalprogresjonen for dei to siste studieåra, men følgjer altså berre halvparten av emna, og blir difor deltidsstudentar.
Valemne innan nærskylde fag som musikk, psykologi, sosiologi, antropologi, pedagogikk, medisin eller andre helsefag vil kunne vere relevante. Tilrådde valemne vil kunne inkludere:
Tilrådde valemne vil vere under kontinuerleg utvikling, etter som musikkterapi utviklar seg som fag og forskingsfelt ved UiB og i eit internasjonalt forskingsnettverk. Studentar vert difor oppmoda til å velje valemne i samråd med fagpersonalet.
Tabell 1 skisserer normalprogresjonen i studiet, der det er lagt vekt på kontinuitet i høve til innhaldskomponentar, samstundes som det i femte semester er skapt rom for nasjonal/internasjonal utveksling. Innpassingsstudentar får individuelt tilpassa utdanningsplanar, sjå nedanfor.
Emne (15 stp)Emne (15 stp)1. semEx. PhilEx. fac (akademisk skriving) PSYK1002. semMUTP101 /Tabell 1: Normalprogresjonen i integrert masterprogram i musikkterapi.
Variant av normalprogresjon: Forskingslinje
Forskingslinja gjer det mogeleg å velje MUTP311 og MUTP312 som valemne tredje studieår. Det blir då skapt rom for å skrive ei masteroppgåve på 60 stp. Søknadsfrist til Forskingslinja er 15. april i fjerde semester. For å kunne søkje, må snittkarakteren for dei fire første semester vere B eller betre.
Emne (15 stp)Emne (15 stp)1. semEx. PhilEx. fac (akademisk skriving) PSYK1002. semMUTP101 / Innføring i musikkterapiPSYK101 / Generell psykologi 1,eller PSYK102 / Generell psykologi 23. semMUTP201 /Tabell 2: Progresjon for studentar på Forskingslinja ved integrert masterprogram i musikkterapi.
*Desse emna går etter rotasjonsprinsippet, der MUTP301 har oppstart oddetalsår og MUTP304 partalsår.
MUTP101 må vere gjennomført og bestått før ein kan avlegga eksamen i MUTP201 og MUTP202. Unntaket er studentar med individuelt tilpassa utdanningsplanar, som har høve til å ta eksamen i MUTP101 parallelt med eksamen på MUTP201 eller MUTP202.
Alle kurs på 100- og 200-nivå vere fullførte og godkjende før kurs på 300-nivå. Unntaket er studentar som har søkt og fått godkjent opptak til Forskingslinja
Bergen
Du kan ta delar av utdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, og det er skapt rom for nasjonal/internasjonal utveksling i det femte semesteret. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar, individuell rettleiing, grupperettleiing og praksis. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid, medan praksis kan kome både på dagtid, kveldstid og i helgar. I tillegg kjem interne konsertar og liknande arrangement.
Ut i frå målsetjing og skissert læringsutbyte for studiet, er det ein føresetnad at studentane er villige til å gå inn i prosessar der dei arbeider både med teoretisk og akademisk refleksjon, med musikalsk og metodisk kompetanse og med personleg utvikling knytt til rolla som terapeut og samarbeidande menneske. Det vil vere ei veksling mellom lærarstyrt undervisning, gruppearbeid og studentframlegg. Det blir såleis lagt vekt på arbeidsformer som krev sjølvstende og samstundes evne til samarbeid og problemløysing. Det blir gitt kontinuerleg rettleiing av praksis (gjeld MUTP201, MUTP202, MUTP301 og MUTP304).
Eiga pensumliste blir utarbeidd.
Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Det blir gjennomført kontinuerleg evaluering, med sikte på forbetring og utvikling av studiet. Studieevaluering skjer i form av spørjeskjema og munnlege evalueringar i gruppe. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd og blir gjenstand for drøfting om aktuelle utviklingstiltak.
Griegakademiet, institutt for musikk
studierettleiar@grieg.uib.no
All undervisning og praksis er obligatorisk, sjå emneplanane og praksishefte for spesifikasjon. Fråvær på
meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Obligatoriske undervisningsaktivitetar er spesifiserte for
kvart emne og må vere godkjende før eksamen. Gjennomførte obligatoriske undervisningsaktivitetar er
gyldige i to semester.