Studieprogram: MAHF-LITT Masterprogram i allmenn litteraturvitenskap - Vår 2011




Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i allmenn litteraturvitskap består av eit sjølvstendig arbeid (masteroppgåve) som utgjer 60 studiepoeng, og ein kursdel på 60 studiepoeng.

Mastergradsstudiet tar sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

Opptaksgrunnlag

Masterprogrammet byggjer på bachelorgrad med godkjend spesialisering i allmenn litteraturvitskap. Utanlandske eksamenar kan ekvivalerast med norske etter nærmare fastsette reglar og særskild søknad. Viss du har studert ved ei lærestad som har krav om minimum 80 sp med spesialisering, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i allmenn litteraturvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i allmenn litteraturvitskap (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Krav til forkunnskapar

Mastergradsstudiet byggjer på bachelorgrad med godkjend spesialisering i allmenn litteraturvitskap. Utanlandske eksamenar kan ekvivalerast med norske etter nærmare fastsette reglar og særskild søknad.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i allmenn litteraturvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i allmenn litteraturvitskap (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering.

Metode

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal du dokumentere at du kan finne fram til og avgrense problemstillingar og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

Masteroppgåve

Masteroppgåva kan omfatte både litterære og teoretiske emne. Du kan også velje emne frå faghistorie, litteratur-pedagogikk eller litteraturformidling, eller du kan ta for deg emne av tverrestetisk karakter. Som masteroppgåve kan vi

også godkjenne fleire mindre arbeid som tematisk eller metodisk heng saman eller delar av gruppearbeid som let seg evaluere individuelt.

Oppgåva skal vere på 70-110 sider (23 000-33 000 ord) og skal svare til ein samla arbeidsinnsats på 2 semester (60 sp). I slutten av det første semesteret får du tildelt ein fagleg rettleiar for arbeidet med masteroppgåva på grunnlag av prosjektskissa innlevert i emnet ALLV301.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap består av eit sjølvstendig arbeid (masteroppgåve) som utgjer 60 sp, og ein kursdel på 60 sp. Kursdelen i masterprogrammet omfattar emna: ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs, ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære, ALLV303 og ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne I og II. Det litteraturvitskaplege grunnkurset skal munne ut i eit utarbeidd prosjekt med ein arbeidsplan som skal godkjennast av faggruppa og som dannar grunnlaget for tildeling av rettleiar. KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur, KVIK204 Litteratur, kjønn, teori og analyse og RET206 Allmenn litteraturvitskap: spesialisering i litterær retorikk kan normalt erstatte eitt av emna: ALLV303 eller ALLV304 på masternivå i allmenn litteraturvitskap viss KVIK203, KVIK204 og RET206 ikkje allereie inngår som ein del av studenten sin bachelorgrad.

Det er også mogleg å hente høvelege, godkjende emne frå andre fag ved UiB.

Eit masterprogram i allmenn litteraturvitskap kan sjå slik ut:

1. semester

* * ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs 15 sp

* * ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære 15 sp

2. semester

* * ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne I (kan bytast ut) 15 sp

* * ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne II (kan bytast ut) 15 sp

3. semester og 4. semester

* * ALLV350 Masteroppgåva 60 sp

sp = studiepoeng

Krav om rekkefølgje - emne

A.Kursdelen i mastergradsstudiet omfattar desse emna:

ALLV 301 Litteraturvitskapleg grunnkurs 15 stp. Semester: Vår og Haust. Obligatorisk.

ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære 15 stp. Semester: Haust. Obligatorisk.

ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne 15stp. Semester: Vår og haust. Utbytbart.

ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne 15stp. Semester: Vår og haust. Utbytbart.

B. Masteroppgåva:

ALLV350 Masteroppgåve 60stp Semester Haust og vår. Obligatorisk.

Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under emneomtale.

Yrkesvegar

Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning og innanfor andre felt der litteratur blir produsert og formidla (forlag, media, reklame og offentleg forvalting).

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til

vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Reglement

Alle masterstudentar må skrive kontrakt med instituttet, der rettar og plikter er presiserte. Retten til individuell rettleiing tidsavgrensa i kontrakten.

Meir informasjon

studere.uib.no/litteratur
studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95