Studieprogram: MAHF-LÆNO Integrert lektorutdanning med master i nordisk - Vår 2011




Studiestart - semester

Haustsemesteret.

Mål og innhald

Den integrerte lektorutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet skal gi vitskapleg funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Det fyrste studieåret i nordiskfaget er delt mellom eit språkleg og eit litterært studium. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygt som system, korleis språket har utvikla seg, og kva som er bakgrunnen for dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori, og gir innsikt i sentrale forfattarskapar, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne.

Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men likevel vil hovudtyngda i studiet liggje på norsk språk og norsk litteratur. I kor stor grad studenten arbeider med nordiske eller reint norske fagområde, vil òg studenten sjølv kunne avgjere.

Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Politiattest (jf. forskrift ved opptak til høgare utdanning, § 2 og §§ 6-10). Tilrådd startgrunnlag er norskeksamen i felles allmenne fag ved studieretning for allmenne fag frå vidaregåande skule.

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte nedanfor.

Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytte til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.

På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på 70-110 sider, etterfølgd av ein munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Prosjektet for masteroppgåva skal vere godkjent i eit prosjektførebuande emne før arbeidet tek til. Det er gjort meir greie for masteroppgåvearbeidet i ein eigen emneplan.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester: Førstesemesterstudiet

- EXPHIL-HF, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Examen facultatum: språk og kommunikasjon, 10 stp.

- PEDA111, Pedagogikk, 10 stp.

- 5 dagar skuleerfaring

2. semester: Nordisk 100-nivå

- NOSP102 Nordisk: Moderne språk, 15 stp.

- NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900, 15 stp.

3. semester: Nordisk 100-nivå

- NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen, 15 stp.

- NOSP103-L Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning, 10 stp.

- NODI101, Norskdidaktikk, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til norskdidaktikk

4. semester: Fag II, 100-nivå

- Fagemne, 30 stp.

5. semester: Fag II, 100-nivå

- Fagemne, (med tilrettelagt tilbod i fagdidaktikk), 20 stp.

- PEDA112, Pedagogikk, 5 stp.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk i fag II og PEDA112

6. semester: Nordisk 200-nivå

- NODI201, Norskdidaktikk, 5 stp.

Eitt av desse emna skal veljast:

NOLI210-L Nordisk: Litterær analyse og teori for integrert lektorutdanning

NOSP210-L Nordisk: Språkbruksanalyse for integrert lektorutdanning

Dersom ein vel NOLI210-L, skal eitt av desse emna veljast:

NORAN251-L Andrespråkslæring og -undervisning for integrert lektorutdanning

NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse

NOSP251: Nordisk: Språkleg variasjon og endring 1

Dersom ein vel NOSP210-L, skal eitt av desse emna veljast:

NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori

NOLI251 Nordisk: Litterært fordjupingsemne 1

7. semester: Nordisk 300-nivå

- PEDA113, Pedagogikk, 10 stp.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.

- Eitt av desse emna skal veljast:

NOFI302 Spesialisert emne i norrøn filologi 1

NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C

NOLI320 Nordisk: Litterært særemne

NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B

NOSP211 Nordisk: Språk i Norden

NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne

NOSP322 Nordisk: Namnegransking 2

NOSP323 Nordisk: Språksystemet 2

- 60 timar praksis

8. semester: Nordisk 300-nivå

- NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne

- PEDA114, Pedagogikk, 5 stp.

- NODI302, Norskdidaktikk, 10 stp.

- 60 timar praksis

9. semester og 10. semester: Nordisk 300-nivå

NOLISP350, Mastergradsoppgåve i nordisk, 60 stp.

Praksis gir ikkje studiepoeng, men er ein obligatorisk del av pedagogikk og fagdidaktikk

Krav til progresjon i studiet

Det vert stilt både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon.

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda til å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer. For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna. Det vert nytta karakterar for fagemna etter karakterskalaen A-F.

Praksis og utvalde obligatoriske aktivitetar vert vurderte med greidd/ikkje greidd.

Mål og innhald

Den integrerte lærarutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Det fyrste studieåret i nordiskfaget er delt mellom eit språkleg og eit litterært studium. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygt som system, korleis språket har utvikla seg, og kva som er bakgrunnen for dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori, og gir innsikt i sentrale forfattarskap, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne.

Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men likevel vil hovudtyngda i studiet liggje på norsk språk og norsk litteratur. I kor stor grad studenten arbeider med nordiske eller reint norske fagområde, vil òg studenten sjølv kunne avgjere.

Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lærarutdanningsprogrammet.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning, § 2 og §§ 6-10). Tilrådd startgrunnlag er norskeksamen i felles allmenne fag ved studieretning for allmenne fag frå vidaregåande skule.

Tilrådde forkunnskaper

Tilrådd startgrunnlag er norskeksamen i felles allmenne fag ved studieretning for allmenne fag frå vidaregåande skule.

Oppbygging av studiet

Fageining og spesialisering

Obligatoriske aktivitetar

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte nedanfor.

Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytt til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.

Før avslutta studium skal studenten foreta ein munnleg presentasjon der studenten drøfter ei sjølvvalt problemstilling knytt til skole og læring i eit fag, inkludert studentens eiga grunngjevne ståstad. Presentasjonen kan vere knytt til studentens masteroppgåve.

På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på 70-110 sider, etterfylgt av ein munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Prosjektet for masteroppgåva skal vere godkjent i eit prosjektførebuande emne før arbeidet tek til. Det er gjort meir greie for masteroppgåvearbeidet i ein eigen emneplan.

Vurdering / Eksamensformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer: For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna. Det vert nytta karakterar for fagemna etter karakterskalaen A-F.

Praksis og utvalde obligatoriske aktivitetar vert vurderte med greidd/ikkje greidd.

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Oppstart

Haustsemesteret.

Programansvarleg

Programstyret for lærarutdanning har overordna ansvar for lærarutdanninga ved UiB.

Lærarutdanningsutvalet har lokalt ansvar for lærarutdanningsprogramma ved Det humanistiske fakultet.

Planforslag

1. semester: Førstesemesterstudiet

- EXPHIL-HF, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Examen facultatum: språk og kommunikasjon, 10 stp.

- PEDA111, Pedagogikk, 10 stp.

- 5 dagar skuleerfaring

2. semester: Nordisk 100-nivå

- NOSP102, Moderne språk, 15 stp.

- NOLI102, Litteratur etter 1900, 15 stp.

3. semester: Nordisk 100-nivå

- NOLI103, Den eldre litteraturen, 15 stp.

- NOSP103-L, Språkhistorie og talemål - lærerutdanning 10 stp.

- NODI101, Norskdidaktikk, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til norskdidaktikk

4. semester: Fag II, 100-nivå

- Fagemne, (med tilrettelagt tilbod i fagdidaktikk), 30 stp.

5. semester: Fag II, 100-nivå

- Fagemne, (med tilrettelagt tilbod i fagdidaktikk), 20 stp.

- PEDA112, Pedagogikk, 5 stp.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk i fag II og PEDA112

6. semester: Nordisk 200-nivå

- NODI201, Norskdidaktikk, 5 stp.

anten

- NOLI208 Fordjupingsemne I med semesteroppgåve i nordisk

litteratur, 15 stp,. og

- NOSP210-L Nordisk: Språkbruksanalyse for integrert

lektorutdanning, 10 stp.

eller

- NOSP208 Fordjupingsemne I med semesteroppgåve i nordisk

språk, 15 stp., og

- NOLI210-L Nordisk: Litterær analyse og teori for integrert

lektorutdanning, 10 stp.

7. semester: Nordisk 300-nivå

- PEDA113, Pedagogikk, 10 stp.

- Fagdidaktikk i andrefaget, 5 stp.

- NOSP/NOLI308/309, Fordjupingsemne i nordisk språk eller litteratur, 15 stp.

(Studenten kan erstatte det faglege fordjupingsemnet med anten eit språkteoretisk emne (NOSP311) eller fakultære teoriemne (td LITTEHF).

- 8 veker praksis

8. semester: Nordisk 300-nivå

- NOLISP300, Prosjektførebuande emne

- PEDA114, Pedagogikk, 5 stp.

- NODI301, Norskdidaktikk, 10 stp.

- 5 veker praksis

9. semester og 10. semester: Nordisk 300 nivå

NOLISP350, Mastergradsoppgåve i nordisk, 60 stp.

Praksis gjev ikkje studiepoeng, men er ein obligatorisk del av pedagogikk og fagdidaktikk.