Studieprogram: MAHF-NORD Masterprogram i nordisk språk og litteratur - Høst 2011




Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket er norsk og i nokon grad dansk og svensk. Språket i evaluerte skriftlege arbeid er norsk, både bokmål og nynorsk.

Mål og innhald

Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur skal gje kunnskapar på høgt nivå i utvalde vitskaplege disiplinar innanfor nordistikken. Det skal utvikle evna til kritisk vurdering og problemløysing og føre fram til ei vitskapleg avhandling om eit avgrensa tema. Det skal gje god dugleik i norsk skriftleg språkbruk, både bokmål og nynorsk.

Studiet er normert til to år.

I det første året studerer studenten fire emne. Tre av desse skal veljast frå ei liste av emne frå nordisk eller tilstøytande fagområde. Studenten kan velje berre litterære eller berre språklege emne, eller kombinere språklege og litterære emne.

Læringsutbyte

Ein kandidat med mastergrad i nordisk språk og litteratur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal

- ha brei allmennkunnskap innanfor nordistikken og djuptgåande kunnskapar innanfor eit avgrensa område av nordisk språk (medrekna norsk som andrespråk), litteratur eller fagdidaktikk

- ha grunnleggjande kunnskap om vitskapleg teori, metode og etikk

- kjenne til sentrale problemstillingar innanfor fagområdet og den aktuelle debatten om dei

- kunne skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

- kunne tileigne seg nye kunnskapar og nytte dei på nye delar av nordistikken

- kunne arbeide sjølvstendig med problemløysing bygd på fagkunnskapar

- kunne bruke aktuelle metodar til sjølvstendig forsking

- kunne granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og forståingsrammer innanfor nordistikken

- kunne nytte eigne kunnskapar og reflektere over eigen praksis

- kunne halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

- kunne formidle innsikt i alle grunnleggjande delar av nordistikken, både språklege og litterære

- kunne undervise og rettleie elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg utforming

- kunne kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken

Opptakskrav

Bachelorgrad med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk, eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar.

Karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til programmet på anna grunnlag, må søkje fakultetet om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i praktisk bruk av bokmål og nynorsk.

Obligatoriske emne

Desse emna er obligatoriske:

NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne

NOLISP350 Nordisk: Masteroppgåve

Minst eitt og inntil tre av desse emna skal veljast:

NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C

NOLI312 Nordisk: Litterært masteremne D

NOLI320 Nordisk: Litterært særemne

NOLI321 Nordisk: Litterært masteremne A

NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B

NOSP312 Nordisk: Språkleg masteremne

NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne

NOSP321 Nordisk: Språkleg variasjon og endring 2

NOSP322 Nordisk: Namnegransking 2

NOSP323 Nordisk: Språksystemet 2

NOFI302 Spesialisert emne i norrøn filologi 1

Eitt av desse emna kan veljast:

NORAN250 Andrespråkslingvistikk

NOSP211 Nordisk: Språk i Norden

NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse

RET205 Nordisk retorikk

Eitt av desse emna kan veljast:

LINGMET Metodeemne for språklege mastergradar

LITTEHF Litteraturteori - fellesemne

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

1. semester: to emne

2. semester: NOLISP300 og eitt emne til

3. og 4. semester: NOLISP350 (masteroppgåva)

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Det er særleg universitet i dei nordiske landa som er aktuelle (Danmark, Sverige, svenskspråklege institusjonar i Finland, Island, Færøyane). Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler.

Undervisningsmetodar

Førelesingar, seminar, skriving under rettleiing.

Vurderingsformer

Masteroppgåve med avsluttande munnleg prøve. Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd på NOLISP300.

Karakterskala A-F på andre emne.

Evaluering

Studiet vert evaluert jamleg i samsvar med dei retningslinjene som gjeld for dette til kvar tid.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultetet, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Masterprogrammet i nordisk er eit fire semesters fulltidsstudium med eit omfang på 120 studiepoeng. Studiet består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ein avhandlingsdel på 60 studiepoeng.

Studentane skal gjennom mastergradsstudiet tileigne seg djupare innsikt og meir omfattande kunnskapar innanfor delar av fagområdet nordisk. Dei skal få høve til å setje seg inn i vitskapleg teori og metode og i historia til nordiskfaget generelt, og til fagområda dei fordjupar seg i spesielt, og dei skal utvikle ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og vitskaplege framstillingar. Den viktigaste delen av mastergradsstudiet ligg i arbeidet med masteroppgåva.

Opptaksgrunnlag

Opptaksgrunnlaget er ei spesialisering på 90 studiepoeng i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen, eller tilsvarande godkjend spesialisering i nordisk frå anna universitet og/eller høgskule, og oppnådd bachelorgrad.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i nordisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i nordisk (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje fakultetet om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Metode

Nordisk har tradisjonelt vore prega av historiske perspektiv på språk og kultur, men opplever i dag eit metodisk mangfald slik at moderne språk- og litteraturteori er like aktuelt som kulturell og historisk kontekstualisering.

Masteroppgåve

Masteroppgåva blir skriven innanfor eit sjølvvalt emne godkjend av rettleiaren. Omfanget av oppgåva er normalt på 70-110 sider. Rettleiaren følgjer skriveprosessen og gir råd og tilbakemeldingar etter avtale, men du skal sjølvstendig og metodisk arbeide masteroppgåva fram til eit vitskapleg bidrag til faget. Du bør skaffe deg ein rettleiar så tidleg som mogleg i studiet. Instituttet har som mål å kunne tilby rettleiing innanfor dei fleste relevante fagområda, men må ta atterhald om rettleiingskapasitet. Rettleiing er obligatorisk, og både du og rettleiaren har ansvar for jamleg kontakt gjennom studiet.

Oppbygging av studiet

Studiet har fem komponentar: fire enkeltemne på 15 studiepoeng og ei masteroppgåve. Eit masterprogram i nordisk kan sjå slik ut:

1. semester

NOLISP301 - Nordisk si faghistorie
NOSP308 - Fordjuping i nordisk språk I eller
NOLI308 - Fordjuping i nordisk litteratur I eller

RET205 - Nordisk retorikk

2. semester

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne
NOSP309 - Fordjuping i nordisk språk II eller
NOLI309 - Fordjuping i nordisk litteratur II eller

RET205 - Nordisk retorikk

3. og 4. semester

NOLISP350 - Masteroppgåve

Obligatoriske aktivitetar

Studentane skal ved avsluttande eksamen dokumentere at dei har levert skriftlege arbeid på begge målformene. Masteroppgåva skal etter fritt val skrivast på nynorsk eller bokmål. Minst éin skriftleg skuleeksamen i kursdelen skal skrivast på den målforma som ikkje er brukt i masteroppgåva. Dersom ein student planlegg å ta teori- og fordjupingsemna i form av utanlandske eksamenar og/eller importerte emne der målformkravet ikkje er prøvd, kan dokumentasjonen skje ved at halve masteroppgåva blir skriven på bokmål og halve på nynorsk.

Vurdering / Eksamensformer

Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa i byrjinga av semesteret. Fristen for oppmelding står i studentportalen. Til instituttet skal studentane levere ei pensumliste der det går fram kva dei har lagt opp. Opplysningar om innleveringsfrist og godkjenningsprosedyrar finst i undervisningskatalogen.

Fordjupingsemna og teoriemna vert prøvd med to typar eksamen, skuleeksamen eller semesteroppgåve. Minst éin eksamen i kursdelen skal vere skuleeksamen. Minst ein skriftleg skuleeksamen i kursdelen skal skrivast på den målforma som ikkje er brukt i masteroppgåva. For eksamensform i fakultetsemna, sjå særskild emneomtale.

I det prosjektførebuande emnet skriv studenten ei prosjektskisse eller ei basisoppgåve (5-15 sider) som blir godkjend av rettleiar. Studenten skal leggje fram og forsvare teksten på eit seminar. Sjå emneomtalen for NOLISP300.

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F. Førebuingsemnet blir vurdert med stått/ikkje stått.

Sjå elles under emneomtalane.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur kvalifiserer for yrke innanfor skole- og utdanningssektoren og er relevant for arbeid innanfor kulturliv, media og språk- og informasjonsarbeid.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Planforslag

Mastergraden i nordisk er sett saman av to fellesemne, eitt teoriemne og to valfrie fordjupingsemne, sjå nedanfor. Masteroppgåva utgjer avhandlingsdelen, medan kursdelen altså er samansett av det prosjektførebuande emnet NOLISP300, teoriemnet og dei to valfrie fordjupingsemna.

Fellesemne (begge):

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne (haust/vår)

NOLISP350 - Masteroppgåve

Teoriemne (eitt):

Anten

NOLISP301 - Nordiskfagets faghistorie (haust)

(eller andre fakultetsemne)

eller

NOSP311 - Språkteoretisk emne (vår)

(eller andre fakultetsemne)

eller

LITTEHF - Litteraturteori - fellesemne (haust/vår)

(eller andre fakultetsemne)

Fordjupingsemne (to):

NOLI308 - Fordjuping I i nordisk litteratur (haust/vår)

NOLI309 - Fordjuping II i nordisk litteratur II (haust/vår)

NOSP308 - Fordjuping I i nordisk språk (haust/vår)

NOSP309 - Fordjuping II i nordisk språk (haust/vår)

NOFI302 - Spesialisert emne i norrøn filologi (haust/vår) - kan takast i staden for eitt av fordjupingsemna.

RET205 - Nordisk retorikk (vår)

Som teoriemne vel studentane anten det språkvitskaplege teoriemnet (NOSP311), det faghistoriske emnet NOLISP301 eller eit fakultetsemne, t.d. det litteraturvitskaplege teoriemnet (LITTEHF) etter eige val, men slik at det høver med temaet for masteroppgåva. I tillegg kan eit anna teoriemne takast, men då i staden for eitt av dei valfrie fordjupingsemna. Pensum i kvart emne skal tilsvare om lag om lag 1000 teorisider av normal vanskegrad (vekta sider).

Studenten kan òg velje andre relevante fellesemne som fakultetet tilbyr. Studentar som er tekne opp med inntil 30 poeng emne som er importerte frå andre fag, må søkje instituttet om å få ta andre emne enn NOLISP301 eller NOSP311.

Det er utarbeidd eit sett med standardemne, sjå under emneomtalane. Innhaldet i emna kan variere mellom kvar gong dei blir underviste, innanfor dei rammene som namnet på emnet set.

Oppbygging og progresjon

Som fulltidsstudium skal programmet normalt kunne gjennomførast på fire semester. Det prosjektførebuande emnet (NOLISP300) skal vere gjennomført og godkjent før arbeidet med masteroppgåva tek til, dvs. seinast ved utgangen av 2. semester. Som støtte i arbeidet med prosjektførebuing vil instituttet annakvart semester tilby eit eige seminar.

Tilrådd progresjon ved opptak i haust- og vårsemesteret:

1. semester: Eit teoriemne og eit fordjupingsemne, eller to fordjupingsemne.

2. semester: Prosjektførebuande emne og anten eit teoriemne eller eit fordjupingsemne.

3. semester: Masteroppgåve.

4. semester: Masteroppgåve.

Ved opptaket, dvs. ved starten av 1. semester, skriv studenten kontrakt med instituttet, og får då tildelt ein ansvarleg kontaktlærar/rettleiar, som har ansvaret for rettleiinga under gjennomføringa av det prosjektførebuande emnet. Denne kontaktlæraren kan vere identisk med den faglege rettleiaren for masteroppgåva. Skiftar studenten rettleiar under arbeidet med prosjektbeskrivinga eller i avhandlingsdelen, vert kontrakten revidert på det punktet.

Emne på mastergradsnivå eller tilsvarande frå andre institutt eller institusjonar (også utanlandske) kan etter søknad til instituttet gå inn i mastergraden i staden for valfrie fordjupingsemne frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, dersom dei er klårt nærskylde med emne frå faget nordisk.

Meir informasjon

uib.no/utdanning

studierettleiar@lle.uib.no