Studieprogram: MAHF-REG Masterprogram i region og regionalisering - Høst 2011




Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i region og regionalisering, med undertittelen 'Samfunn og politikk', 'Kultur og historie' eller 'Natur og landskap'. Fagleg vinkling avgjer undertittelen.
Vitnemål vert skrive ut av Det humanistiske fakultet, i samarbeid med dei andre fakulteta.

Studiet er toårig (120 sp).

Undervisningsspråk

Til vanleg norsk

Mål og innhald

Utviklinga mot sterkare regionar i Noreg og Europa har ført til eit auka behov for kompetanse i offentleg forvaltning, hos planleggarar og i næringslivet. På universiteta og høgskulane har ein i lengre tid utført forsking og undervisning med regionale perspektiv, men fram til no har denne forskinga og undervisninga vore lite tverrfagleg. Programmet er profilert mot desse felta.

Dei som tek avgjerder i næringsliv og offentleg forvaltning vil i framtida stå ovanfor store omstillingsoppgåver når det gjeld utvikling av nye kommunale og regionale einingar. Masterprogrammet skal utdanne kandidatar som er kvalifiserte for å utføre desse oppgåvene.

Masterprogrammet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Det juridiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det humanistiske fakultet. Programmet tek sikte på å utdanne kandidatar som har innsikt i korleis regionar oppstår, kva som konstituerer dei, korleis dei fungerer og korleis dei vert endra. Kandidatane vil også få grunnleggande kulturhistoriske og naturhistoriske kunnskapar, og dei vil få kunnskapar om korleis naturmiljø og kulturmiljø vert forvalta og verna.

Programmet tilbyr ei tverrfagleg innføring i temaet region og regionalisering med påfølgande spesialisering eller fordjuping innom eitt av tre fagområde: Natur og landskap, kultur og historie, samfunn og politikk. Gjennom studiet får studentane breiare kompetanse og kunnskapsbase om regionalpolitikk, landskap, natur- og kulturmiljøforvaltning.

Vestlandet blir brukt som modellområde. Dette inneber ei regional ramme for forståing, men perspektivet er likevel globalt. Den europeiske landskapskonvensjonen, som Noreg ratifiserte i 2004, og verdsarvlista over natur- og kulturmiljø er eksempel på viktige dokument som stiller nye krav til heilskapstenking og eit overordna kunnskapsperspektiv og viktige samfunnsfelt. Dette er sentrale tema i regionale prosessar verda over og representerer nye politiske utfordringar, anten det handlar om næringsutvikling og turisme eller om forvaltning av samfunnet sine økologiske og historiske miljøverdiar.

Læringsutbyte

Studiet skal gje studentane ein tverrfagleg basis og dyktiggjere dei innanfor eitt av dei tre fagområda natur og landskap, kultur og historie, samfunn og politikk. På den eine sida skal dei tileigne seg kunnskap om relevante teoriar, modellar for forståing, og metode innanfor dei respektive linjene. På den andre sida skal dei oppnå tverrfaglege ferdigheiter i å gjere bruk av denne kunnskapen i eigen praksis.

Studentar som tek masterprogrammet vil få grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter i å gjennomføre eit forskingsprosjekt. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal dei få erfaring med og utvikle ei forståing for kva regionar og regionalisering har hatt å seie historisk og kva regionar tyder i dag, gjennom å planlegge og gjennomføre eit forskingsretta prosjekt. Studentane skal meistre å sjå regionar som prosessar og dei skal ha kjennskap og evne teoretisering omkring variasjon i region og regionaliseringsprosessar.

Dei skal også få styrkje evna til heilskapleg vurdering av komplekse sakstilhøve og styrkje si kritiske tenking i høve til politiske prosessar og økonomiske interesser innom eit regionperspektiv. Gjennom arbeidet i team med utgreiingar og med masteroppgåva skal dei få erfaring med å samarbeide, planleggje, gjennomføre og evaluere eit tverrfaglig forskingsretta prosjekt.

Etter at dei obligatoriske kursa er gjennomførde skal studenten:
-kunne analysere, drøfte og definere regionar og ha kjennskap til omstillingsteoriar for menneske, stader og regionar.

-danna seg forståing for både natur-og kulturmiljø og dessutan historiske endringar i regionar.

-ha kunnskap om forvaltningslæra og korleis denne gjer seg gjeldande i regionar i forhold til større einingar slik som stat og større område opp mot globale einingar.

Studenten skal kunne gjere greie for forhold i regionar i eit geografisk, natur-og kulturhistorisk og juridisk perspektiv, noko som er viktig for handsaming av regionale spørsmål i politiske og økonomiske avgjerdsorgan og i forvaltningssaker.

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande

Obligatoriske emne

Det første semesteret omfattar undervisning i natur-og kulturmiljøforvaltning, forvaltningsrett og metodiske og teoretiske tilnærmingar til eit forskningsprosjekt. Denne undervisninga er felles for alle som er tatt opp på programmet.

I andre semester vil det bli undervist i emnet føretaksstrategiar, næringstruktur og regional utvikling som også inngår i alle desse emna.

Studentane skal i dette semesteret også fordjupe seg vidare innom dei tre ulike fagområda natur og landskap, kultur og historie, og samfunn og politikk. Her kan dei ta spesialiserte emne som er relevante for programmet. Kursa vert sette saman på grunnlag av eksisterande kurstilbod frå dei institutta som har fagleg tilknyting til dei ulike linene.

Innpassing av emne som vert tatt ved andre lærestader, må godkjennast av programstyret før studenten kan melde seg opp til eksamen i emnet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Kursa er sette opp i denne rekkefølgja: (1) Prosjektskildring, (2) Natur-og kulturmiljøforvaltning, (3) Forvaltningsrett og (4) Føretaksstrategiar, næringsstruktur og regional utvikling. Rekkefølgja skal sikre at studentane først får innblikk i programminnhaldet og korleis natur og landskap, kultur og historie, og samfunn og politikk er samanvovne og grip inn i kvarandre i praksis.

I tredje og fjerde semester skriv studentane individuelle masteroppgåver. Desse kan vere knytte til forskingsprosjekt innanfor rammene av forskingsprogrammet Region og regionalisering ved Universitetet i Bergen.

Dette programmet vil vere basert på eitt eller fleire tverrfaglege forskingsmiljø der forskarar med ulik fagbakgrunn inngår i eit forpliktande samarbeid.

A. Kursdelen omfattar desse emna:

REG311 - Prosjektskildring (10 stp), haust

REG302 - Natur og kulturmiljøforvaltning (10 stp), haust

REG303 - Forvaltningsrett (10 stp), haust

GEO324 - Føretaksstrategiar, næringsstruktur og regional utvikling (10 stp), vår

Kurs frå eiga spesialisering (20 stp), vår

B. Masteroppgåva:

REG350 - Masteroppgåve (60 stp), haust/vår

I dette semesteret vert det arrangert seminar der studentane presenterer prosjekta sine for dei andre i programmet. Det er obligatorisk frammøte til 70% av seminara i semesteret.

Krav til progresjon i studiet

Gjennomføringa av studiet er basert på føresetnader for normal studieprogresjon.

Studiestader

Ansvaret for GEO324 ligg ved SV-fakultetet, Institutt for geografi.

Det administrative ansvaret for REG311 og REG302 ligg ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Undervisninga vert delt mellom fleire fag på Det humanistiske fakultet (arkeologi, kulturvitskap, historie og nordisk) og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (Institutt for geovitskap, Geofysisk institutt og Institutt for biologi).

REG303 Forvaltningsrett høyrer fagleg sett inn under Det juridiske fakultet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga inneheld forelesingar, seminar, sjølvstudium, og skriftlege og munnlege studentpresentasjonar.

Undervisning og rettleiing vert normalt utført av tilsette ved Universitetet i Bergen, men det kan også vere aktuelt å trekkje inn undervisningskrefter frå andre institusjonar, til døme ved Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane eller Universitetet i Stavanger.

Rettleiingskontrakt skal lagast og avtalen skal godkjennast av instituttet (AHKR).

Før studenten går opp til endeleg eksamen, må alle interne oppgåver og eksamenar vere greidde. Sjå emneplanane for nærare opplysingar.

Vurderingsformer

Karakterskala

Studieprogrammet bruker skalaen A-F ved graderte vurderingar og greidd/ikkje greidd ved ikkje-graderte vurderingar.

Evaluering

Evalueringa inkluderer tilbakemeldingar frå studentane og vurderingar frå undervisarar og sensorar. Programstyret følgjer med jamne mellomrom opp evalueringa i det vidare arbeidet med utvikling av programmet.

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no.

Mål og innhald

Utviklinga mot sterkare regionar i Noreg og Europa har ført til eit økt behov for kompetanse i offentlig forvaltning, hjå planleggarar og i næringslivet. På universiteta og høgskulane har ein i lengre tid utført forsking og undervisning med regionale perspektiv, men fram til no har denne forskinga og undervisninga vore lite tverrfagleg. Den har og hatt relativt liten påverknad på debatten om dei nye regionale einingane. Dette utdanningsprogrammet, som fører fram til både ein forskingsretta og ein arbeidslivsretta mastergrad "Master i Region og regionalisering", er profilert mot dette feltet.

Beslutningsstakarar i næringsliv, kommunar, fylker og stat vil i framtida stå overfor store omstillingsoppgåver når det gjelder utvikling av nye kommunale og regionale einingar. Masterprogrammet skal utdanne kandidatar som er kvalifisert for å utføre desse oppgåvene.

Masterprogrammet er et tverrfaglig program som tar sikte på å utdanne kandidatar som har innsikt i korleis regionar oppstår, kva som konstituerer dei og korleis dei vert endra. Kandidatane vil også ha grunnleggande kulturhistoriske og naturhistoriske kunnskapar, og dei vil ha kunnskapar om korleis naturmiljø og kulturmiljø vert forvalta og verna. Kandidatane vil ha spesialisert kompetanse innanfor humanistiske, samfunnsvitskaplege eller naturvitskaplege disiplinar.

Programmet tilbyr ei tverrfagleg innføring til region og regionalisering med påfølgande spesialisering eller fordjuping innan ei av tre linjer: Natur og landskap, kultur og historie, samfunn og politikk. Gjennom studiet får studentane breiare kompetanse og kunnskapsbase om regionalpolitikk, landskap, natur- og kulturmiljøforvaltning.

Vestlandet blir brukt som modellområde. Dette inneber ei regional ramme for forståing, men perspektivet er likevel globalt. Den europeiske landskapskonvensjonen, som Noreg ratifiserte i 2004, og verdsarvlista over natur- og kulturmiljø er eksempel på viktige samfunnsfelt som stiller nye krav til heilskapstenking og eit overordna kunnskapsperspektiv. Dette er sentrale tema i regionale prosessar verda over og representerer nye politiske utfordringar, anten det handlar om turisme og næringsutvikling, eller om forvaltning av samfunnet sine økologiske og historiske miljøverdiar.

Den nye mastergraden er todelt. Den eine retninga er forskingsretta. Kandidatane herfrå skriv ei tradisjonell masteroppgåve. Den andre retninga er arbeidslivsretta der studentane deltek i eit tverrfagleg teamarbeid, "Ekspertar i team", og løyser oppgåver knytt til region og regionalisering som tilsvarer utfordringar ein møter i arbeidslivet. Desse studentane skriv ei avgrensa masteroppgåve som bygger på problemstillinga i gruppearbeidet.

Eventuelle krav til forkunnskapar:

Bachelorgrad eller tilsvarande.

Læringsutbytte/resultat

Studiet skal gje studentane ein tverrfagleg basis og dyktiggjere dei innanfor ein av de tre linjene kultur og historie, natur og landskap og samfunn og politikk. På den eine sida skal de tilegne seg kunnskap om relevante teoriar, modellar for forståing og metode innanfor dei respektive linjene. På den andre sida skal dei oppnå tverrfaglege ferdigheiter i å gjere bruk av denne kunnskapen i eigen praksis. Studentane skal og få styrka evne til heilskapleg vurdering av komplekse saksforhold og si kritiske tenking i forhold til politiske prosessar og økonomiske interesser. Gjennom arbeidet i team med utredningar og med masteroppgåva skal dei få erfaring med å samarbeide, planlegge, gjennomføre og evaluere et tverrfaglig forskingsretta prosjekt

Undervisningsspråk

Til vanleg norsk.

Ansvarleg institutt

Programmet vil ligge under Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og kulturvitenskap. Studentane vert tatt opp av HF-fakultetet, men graden dei oppnår er tverrfakultær, med tittelen Master i region og regionalisering:

Samfunn og politikk

Kultur og historie eller

Natur og landskap

Linjevalet avgjer undertittelen. Vitnemål vert utsteda av HF-fakultetet, i samarbeid med dei andre fakulteta.

Oppbygging av studiet

Krav til bredde og dybde (spesialisering/fordjuping):

Dei tre første emna som utgjer første semester inneber undervisning i region og regionalisering, natur-og kulturmiljøforvaltning og forvaltningsrett. Denne undervisninga er felles for alle som er tatt opp på programmet.

I andre semester skal studentane fordjupe seg vidare innan dei tre ulike fagområda natur og landskap, kultur og historie, og samfunn og politikk. Her kan dei ta kurs i teori og metode, samt spesialiserte emne som er relevante for programmet. Kursa vert sett saman ut frå eksisterande kurstilbod frå dei institutta som har fagleg tilknyting til dei ulike linjene.

I andre semester kan studentane alternativt ta 30 stp (studiepoeng) ved andre norske eller utanlandske lærestader.

Innpassing av slike emne må godkjennast av programstyret før studenten kan melde seg opp til eksamen i emnet. Studentane som tar 60 studiepoeng master bør i løpet av dette semesteret skrive prosjektbeskrivelse for masteroppgåva (15 stp).

Rekkefølgje for emna i studiet:

Kursa er sett opp i denne rekkefølgja: 1) Region og regionalisering, (2) Natur-og kulturmiljøforvaltning og (3) Forvaltningsrett. Rekkefølgja skal sikre at studentane først får teoretisk innblikk i programmet sitt innhald, deretter innsikt i korleis natur og landskap, kultur og historie, og samfunn og politikk er samanvevd og i inngrep med kvarandre i praksis.

Linje 1: Masteroppgåve på 60 studiepoeng

Tredje og fjerde semester skriv studentane individuelle masteroppgåver. Desse kan vere knytt opp mot forskingsprosjekt innanfor rammene av forskingsprogrammet Region og regionalisering ved Universitetet i Bergen.

Dette programmet vil være basert på eitt eller fleire tverrfaglige forskingsmiljø der forskarar med ulike fagbakgrunn går inngår i eit forpliktande samarbeid.

A. Kursdelen omfattar desse emna:

KodeNamnStp/ectsSemesterREG 301Region og regionalisering10HaustREG 302Natur- og kulturmiljøforvaltning10HaustREG 303Forvaltningsrett10HaustKurs/fordjuping frå eiga spesialisering30Vår

B. Masteroppgåva:

KodeNamnStp/ectsSemesterREG 350-60Masteroppgåve60Haust/vår

Linje 2: Masteroppgåve på 30 studiepoeng

I tredje semester samlast studentane på denne linja igjen for å fylgje først eit kurs i

akademisk skriving, før dei tek til i eit tverrfagleg teamarbeid, "Problemløysing i team".


I dette semesteret vert det arrangert seminar der grupper av studentar presenterer sine

rapporter for de andre i programmet.

Studentane skriv prosjektskisse for masteroppgåva (skal byggje på teamarbeidet).

A. Kursdelen omfattar desse emna:

KodeNamnStp/ectsSemesterREG 301Region og regionalisering10HaustREG 302Natur- og kulturmiljøforvaltning10HaustREG 303Forvaltningsrett10HaustKurs/fordjuping frå eiga spesialisering15VårKurs/fordjuping frå eiga spesialisering15VårREG 304Akademisk skriving II10HaustREG 305Problemløysing i Team og presentasjon av prosjektskisse til masteroppgåve20Haust

B. Masteroppgåva:

KodeNamnStp/ectsSemesterREG 350-30Masteroppgåve30Vår

For tiden tilbys ikke denne varianten, grunnet manglende ressurser.