Emner: EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell - Vår 2011




Studiepoeng

10.0

Læringsmål

Examen philosophicum har som mål å gi studentane ved Universitetet i Bergen ei innføring i universitetet sine idétradisjonar så vel som universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Exphil har som formål å gi eit overordna filosofisk perspektiv på akademisk kultur og danning.

Formål HF-varianten:

Dei læringsmål som er gitt for Examen philosophicum generelt, gjeld òg for HF-varianten. Dei studentane som vel denne varianten skal nå desse læringsmåla ved å arbeide med problemstillingar som står sentralt innanfor den humanistiske tradisjonen. Det er koplingar mellom Exphil-pensumet og pensum innanfor dei andre førstesemesteremna ved HF-fakultetet: Tekst og kultur, Akademisk skriving og Språk og kommunikasjon.

Exphil-alfa

Læringsmåla i denne delen er:

- Studenten skal lære å kjenne dei viktigaste filosofiske omgrepa og teoriar som er utvikla for å arbeide med dei grunnleggjande problema omkring det sanne, det gode og det vakre.

- Studenten skal kunne svare på ei oppgåve der det blir krevd at desse omgrepa og teoriane blir brukte på teksteksempel.

Exphil-alfa skal innehalde:

- ei kort innføring i ulike syn på filosofien sitt vesen

- ei utgreiing om ei rekkje sentrale spørsmål innan epistemologi, etikk og estetikk

Under epistemologi blir følgjande handsama: 1) Ulike syn på korleis ein kjem til kunnskap: empirisme, rasjonalisme, transcendentalfilosofi, pragmatisme. Ulike oppfatningar av kva sanning er. 2) Vitskap, med særleg vekt på den rolla han spelar i samfunnet og kjønnsperspektivet på vitskap. Ulike syn på forståing som grunntrekk ved tilværet til mennesket, med vekt på historisiteten til forståinga. 3) Ulike syn på språket sitt vesen og den rolla det spelar i mennesket si erkjenning.

Under etikk blir følgjande handsama: 1) Teoriar om moralen sitt grunnlag, inkludert dygdsetikk, Kant, utilitarismen. 2) Etisk teori og moralsk praksis. 3) Fri vilje. Det menneskelege sjølv.

Under estetikk blir følgjande handsama: 1) Kunsten sitt vesen. Venleik, estetisk røynsle og kunst. 2) Kunst i høve til erkjenning og moral. Kunsten som institusjon.

Exphil-beta

Læringsmåla for denne delen er:

- Studenten skal lære å kjenne sentrale filosofiske og logiske omgrep om språk og argumentasjon, særleg med tanke på den rolla desse spelar innan forståinga av dei humanistiske vitskapane. Det blir lagt vekt på praktisk bruk av lærestoffet.

Exphil-beta skal innehalde:

- ei elementær innføring i logiske omgrep som er sentrale for språkforståing og språkbruk

- reiskap for å kunne arbeide med uttrykk som har fleire tydingar, og med denne bakgrunn øve opp evna til presis språkbruk. Det blir lagt særleg vekt på forholdet mellom språklege uttrykk og språkleg (tekst-) samanheng

- ei elementær innføring i prinsippa for vurdering av argumentasjon, inkludert kravet om å argumentere sakleg

- ei viss drøfting av problem knytt til fortolking av tekstar (hermeneutikk)

- eit oversyn over viktige kritiske perspektiv på forståinga av humanistiske vitskapar

Fagleg innhald

Examen philosophicum (Exphil) gir studentane ei innføring i allmenne idear og grunnproblem som har nedfelt seg i universitetstradisjonen. Exphil presenterer denne tradisjonen sine problem frå ein filosofisk synsvinkel. Etiske, vitskapsfilosofiske, logiske og argumentasjonsteoretiske problemstillingar inngår her.

Studiet skal gi studentane ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i den vestlege tenkinga. Det blir lagt stor vekt på at studentane sjølve skal utvikle sine evner til å arbeide med slike grunnlagsproblem. Dette gjeld for alle fakultetsvariantane. Utvalet av problemstillingar er likevel fakultetstilpassa. Dette tyder at ein vektlegg filosofiske problemområde som er særleg sentrale innan det røyndomsfeltet som blir dekka av det fakultetet som studenten har valt å studere ved.

Examen philosophicum består av to delar, Exphil-alfa og Exphil-beta.

Examen philosophicum er ein del av førstesemesterstudiet. Det består av Examen philosophicum, Examen facultatum og eventuelle andre innføringsemne som blir bestemt av fakulteta innanfor førstesemesteret si ramme på 30 studiepoeng. Desse emna skal ha ein indre samanheng. Examen philosophicum gir eit overordna filosofisk perspektiv. Dei andre førstesemesteremna vil innehalde innføringar i grunnlagsproblem som er karakteristiske for faga ved det aktuelle fakultetet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga på seminarmodellen omfattar:

- ei førelesingsrekkje (8 førelesingar) i kvar av dei to emnedelane

- ei seminarrekkje (8 gonger) i kvar av dei to emnedelane

- individuell fagleg rettleiing i samband med skrivinga av seminaroppgåva i kvar av dei to emnedelane

Studentar som vel seminarmodellen, blir plasserte i ei seminargruppe med plass til om lag 25 studentar. Seminargruppa er den same for dei to emnedelane. Kvar seminargruppe har sin eigen seminarleiar, med ansvar for undervisning og rettleiing.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Seminarmodellen føreset aktiv deltaking gjennom heile undervisningsperioden. Alle studentar må møte på første seminarsamling (i den emnedelen som startar opp først). Studentar som ikkje møter første gong, risikerer å miste plassen i seminargruppa.

Det følgjande er arbeidskrav som må vere oppfylte i løpet av semesteret for at mappa skal bli vurdert. Det er ikkje høve til å overføre oppfylte arbeidskrav frå eit semester til eit anna. Studentane på seminarmodellen skal:

- ta del på minst 6 av 8 av seminara i kvar emnedel. Eit fråver frå undervisninga som går ut over to seminarsamlingar i ein emnedel, fører til at mappa ikkje blir vurdert

- gi ein munnleg presentasjon i kvar av seminarrekkjene

- levere eit utkast til seminaroppgåve innan gjeldande frist i kvar emnedel

- møte til avtalte individuelle rettleiingar

- levere ei seminaroppgåve på om lag 1500 ord i kvar emnedel

- gjennomføre breiddetest i kvar emnedel. Studenten må ha fått godkjent denne testen i begge emnedelar for å få vurdert seminaroppgåvene. Det blir arrangert kontinuasjonsprøve.

Undervisningssemester

Det blir gitt undervisning kvart haustsemester. Normalt vil det også bli gitt undervisning kvart vårsemester.

Vurdering / eksamensformer

Studentane på seminarmodellen skal skrive ei seminaroppgåve i kvar emnedel. Denne oppgåva arbeider studentane med undervegs i undervisningsperioden. Oppgåvene blir samla i ei mappe og blir vurderte som studenten sitt eksamensarbeid. Til denne mappa er det knytt visse arbeidskrav som må være oppfylte for å få mappa vurdert (sjå "Obligatoriske aktivitetar").

Studentar må registrere seg og melde seg opp til eksamen i StudentWeb. Korrekt eksamensmelding er emnekode "EXPHIL-HFSEM".

Overgang frå seminarmodell til skuleeksamen:

Studentar som har meldt seg opp til eksamen på seminarmodellen, men som undervegs i semesteret bestemmer seg for å gå opp til skuleeksamen, må endre eksamensmeldinga. Frist for å melde overgang blir kunngjort på Mi side.

Studenten får separat karakter på kvar av dei to seminaroppgåvene. Den samla karakteren på Exphil er gjennomsnittet av karakterane på seminaroppgåvene. Det blir gitt bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Studenten må bestå både alfa- og beta-delen for at Exphil skal bli godkjent. Med stryk i ein eller begge delane, må begge delane av Exphil gjennomførast på nytt.

Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Evaluering

Evaluering av Exphil blir gjort med jamne mellomrom.

Kontaktperson

exphil@uib.no