Bachelor
Norsk
Både vår og haust.
Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt tema av historisk eller systematisk karakter.
Studenten skal velje eit av fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk karakter. Nærare omtale av dei enkelte temaa får ein i Informasjonsheftet for religionsvitskap, utgitt av Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Oppdatert informasjon om kva tema som vert undervist i inneverande semester finst i heftet og i Studentportalen.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Djupnekunnskap innafor temaet.
Kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.
Ferdigheiter
Evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
Evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
Evne til å finne relevant fagleg informasjon.
Evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
Evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.
Generell kompetanse
Generell innsikt i temaet.
Erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.
Ingen
Forelesingar og seminarundervisning.
Utanom eventuelle forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i spesialiseringsemna kunna skje i form av rettleiing.
Sjå dei enkelte temaalternativa for nærare opplysingar. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere godkjent for å kunne møte til eksamen.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.
Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar.
Eksamen vert avvikla kvart semester. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere oppfylde for å kunne møte til eksamen. Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått. Eksamen vert avvikla kvart semester.
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervising, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligge til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)