Emner: RELV202 Spesialiseringsemne - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Både vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.

Studenten skal velje eit av fleire moglege emnealternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk karakter, som t.d. islam, kristendom, hinduisme, buddhisme, religionar i antikken, norrøn religion, religion og menneskerettar og norsk kristendom. Nærare omtale av dei enkelte spesialiseringane får ein i Informasjonsheftet for religionsvitskap, utgitt av Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Oppdatert informasjon om kva emne som vert undervist i inneverande semester finst i heftet og i Studentportalen.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
Dybdekunnskap innafor spesialiseringsemnet.
Kunnskap om spesialiseringsemnets historie, tradisjonar og eigenart.
Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor spesialiseringsemnet.

Ferdigheiter
Evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
Evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor spesialiseringsemnet.
Evne til å skrive ein resonnerande tekst om spesialiseringsemnet.

Generell kompetanse
Generell innsikt i spesialiseringsemnet.
Erfaring med å tilverke faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor spesialiseringsemnet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For RELV202 er avlagt eksamen i RELV101 og minst eit av dei andre emna på 100-nivå sterkt å tilrå. Andre krav til forkunnskapar er gjort greie for under omtalen av dei enkelte emnealternativa.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 6-10 forelesingar, delvis seminarundervisning.
Utanom eventuelle forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i særemna kunna skje i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Sjå dei enkelte temaalternativa for nærare opplysingar. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere godkjent for å kunne møte til eksamen.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar.

Eksamen vert avvikla kvart semester. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere oppfylde for å kunne møte til eksamen. Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått. Eksamen vert avvikla kvart semester.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervising, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligge til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)