Emner: GRE102 Gresk prosa og grammatikk - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga blir gitt i andre halvdel av vårsemesteret (på heiltid)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Gjennom lesing av eit utval lettare originaltekstar (t.d. Lysias, Xenofon, Platon, Menander, Khariton, Dion Khrysostomos og Det nye testamente) gir emnet sikrare kunnskapar i gammalgresk. Sikker meistring av elementa i formlæra og av det sentrale ordtilfanget er framleis det sentrale, men også syntaksen blir stadig meir systematisk dregen inn i studiet.

Læringsutbyte

Studentane skal bli i stand til å identifisere former, analysere setningar og forstå enkle originaltekstar på gammalgresk (attisk dialekt og koine) ved hjelp av ordbok. Dei skal og kunne omsetje enkle norske setningar til gresk. Litteraturhistoriske perspektiv på dei forfattarane og genrane ein les skal hjelpe studentane til å forstå tekstane betre.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har avlagt eksamen i GRE101 eller har eit tilsvarande kunnskapsnivå.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10)

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over delar av pensumtekstane) og øvingar (i praktisk språkmeistring, m.a. gjennom omsetjing til gresk, og i bruk av ordbok).

Omlag 42 timar, tre gonger i veka siste halvdel i semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar, der kandidaten skal omsetje ein pensumtekst frå gresk (med ordbok), svare på grammatiske spørsmål og omsetje enkle setningar frå norsk til gresk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 40 sider greske originaltekstar frå ein tekstantologi med kommentar (eller frå tilsvarande utgåver). Dessutan inngår hovuddraga av attisk formlære og syntaks, samt delar av ei framstelling av den greske litteraturhistoria.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no