Emner: GRE251 Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa med bacheloroppgave - Vår 2011
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Undervisninga blir normalt gitt i vårsemesteret.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet omfattar lesing dels av prosatekstar på jonisk dialekt frå den klassiske perioden (t. d. Herodot og Hippokrates), dels av tekstar frå hellenistisk og romersk tid. Også kristne tekstar, frå Det nye testamente til kyrkjefedrane på 300-talet, kan inngå i studiet. Det blir dessutan gitt ei innføring i overleveringshistorie og tekstkritikk.
Læringsutbyte
Studentane skal få større kjennskap til gresk litteraturhistorie, med serleg vekt på dei forfattarar og genrar som blir lesne, og til gresk språkhistorie, serleg den joniske dialekt, koine-gresk og attisisme.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Som forkunnskapar i gresk rår ein til at studentane har avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga blir gitt i form av førelesningar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum, og praktiske øvingar i tekstkritikk.
26 timar (ein dobbelttime i veka).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk retteleiing knytt til bacheloroppgåva.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve på omlag 15 sider under obligatorisk rettleiing. I tillegg kjem munnleg eksamen. Munnleg blir gitt etter sensur på bacheloroppgåva og har justerande funksjon med inntil ein karakter opp eller ned.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Fagleg overlapp
GRE251 overlappar med GRE201 (15 stp)
Litteraturliste
Pensum er på til saman omlag 100 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse skal lesast i kommenterte utgåver. Dessutan inngår oversiktlege framstellingar av overleveringshistorie og tekstkritikk, og relevante delar av meir avanserte framstellingar av gresk litteraturhistorie og språkhistorie.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no