Emner: HIS102 Oversikt over nyere historie - Høst 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet skal gi oversikt over dei viktigaste sosiale, økonomiske og politiske utviklingslinene i norsk og internasjonal historie sidan ca. 1750. Emnet har tre tematiske tyngdepunkt: Det første, Demokratisering og politisk mobilisering, tek utgangspunkt i den amerikanske og den franske revolusjonen og omhandlar politiske ideologiar og rørsler. Det andre temaet, Industrialisering og samfunnsendringar, omhandlar økonomisk og sosial historie, med hovudvekt på Noreg i europeisk perspektiv. Det tredje temaet, Statssystem og internasjonalisering, handlar i første rekkje om internasjonal historie, med vekt på den vestlege verda frå ca. 1750 og fram til i dag.

Emnet er obligatorisk i ein spesialisering i historie,

og i et historie årsstudium.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha grunnleggande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar innanfor økonomisk, sosial og politisk historie etter 1750. Kunnskapane ska ha både norsk, europeisk og global referanseramme. Studenten skal også ha grunnleggjande kunnskap om historiefagets metode.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar og trekke eigne konklusjonar.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar derifrå og til argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. Normalt 40 førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha bestått ei obligatorisk oppgåve, oppgåva skal være på 5-700 ord. Frist for innlevering av oppgåva blir gjort kjent ved semesterstart. Oppgåva vert vurdert bestått/ikkje bestått. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

6 timars skriftleg skuleeksamen. Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .

Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret).

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitenskap