Emner: HIS116 Fordypning i nyere historie - Høst 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår (emnet blir tilbydd kvar vår, såframt ressursane tillet det)

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Når ressursane tillet det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå ca. 1750 og fram til i dag. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før kvart vårsemester. Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i det aktuelle tema. Dei skal læra seg å formidla historisk stoff best mogeleg, å nærma seg historiske problem på ein vitskapleg måte og å bruka historisk teori og metode i behandlinga av historiske spørsmål.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten skal ha god kunnskap innan det valde fordjupingsteamet. Studenten skal kjenne til synsmåtar, forklaringar og teoriar knytt til temaet. Studenten skal også ha god innsikt i sentrale kjelde- og metodespørsmål.

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte historiske framstillingar innan temaet. Vidare skal studenten kunne vurdere og analysere litteratur/kjelder og kunne trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av denne analysen.

Generell kompetanse:

Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha bestått ei obligatorisk oppgåve, oppgåva skal være på 5-700 ord.

Frist for innlevering av oppgåva blir gjort kjent ved semesterstart. Oppgåva vert vurdert bestått/ikkje bestått.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen. Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .

Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret).

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitenskap