Emner: HIM101 Oversikt over Midtøstens historie - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet inngår i det obligatoriske grunnlaget for bachelorprogrammet i Midtausten-kunnskap. Emnet kan òg studerast uavhengig av dette bestemte studieprogrammet og emnet kan inngå i ei spesialsering i historie. Emnet gjev studentane ein oversikt over Midtaustens historie frå 600-talet fram til i dag. Midtausten er her i hovudsak definert som området frå Nord-Afrika til Iran.

Emnet legg vekt på den politisk historia og dei lange linene. Utviklinga av islam som religion og sosio-politisk normsystem vert òg studert, i tillegg til utvalde kulturhistoriske og økonomiske tema.

Det overordna perspektivet vil dels vere orientert mot dei langvarige strukturane, dels mot viktige endringsprosessar og dels mot aktørane på gruppe og individnivå.

Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha grunnleggande kunnskapar om dei viktige fasane så vel som dei lange linene i Midtaustens historie frå 600-talet og fram til i dag. Vidare skal studentane få innsikt i karakteristiske trekk ved statsdanningar, administrasjon, politikk, samfunnstilhøve og islams utvikling. Studenten skal kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til Midtaustens og islams historie og trekke eigne konklusjonar.

Generell kompetanse:

Studentane skal vise evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar). Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i vår-semesteret. Dersom det er ressursar, vil det i tillegg bli arrangert oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .

Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret).

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1400 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.