Emner: HEMB111 Historiske og kulturelle perspektiv på helse - Høst 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

Studiet skal gje innsikt i kvifor og korleis det offentlege har arbeidd for å fremje helse i befolkninga og i teoretiske og metodiske perspektiv på dette arbeidet. Emnet skal bidra med kunnskap om korleis relasjonen mellom det offentlege og det alternative på helse- og sjukdomsfeltet vert uttrykt.

Fagleg innhald

Strukturen i emnet er todelt. Den første delen tek opp offentleg helsepolitikk, medan den andre delen tek opp folkelege førestellingar av helse i eit kulturelt og historisk perspektiv. I den første delen vert det gjeve ei innføring i historia til den offentlege helsepolitikken og korleis slik politikk kan analyserast. Kva er grunngjevinga for bestemte trusseloppfatningar, kva har vore avgjerande for val av midlar og metodar, korleis har ulike delar vorte sett saman til ein meir heilskapleg offentleg helsepolitikk, og kva kan ein seie om resultata? I den andre delen vert det gjeve ein introduksjon til helsesystemet som eit kulturelt system. I helsesystemet finn ein både autorisert og ikkje-autorisert medisin. Innanfor det kulturelle perspektivet vert hovudvekta lagt på den folkelege tanke- og idéverda og dei førestellingane knytt til sjukdom og behandling som ein finn der. Den modellen av helsesystemet som vert presentert er ikkje bunden til tid og stad, og opnar difor opp for folkemedisin / alternativ medisinsk dokumentasjon både i eit historisk og eit notidsperspektiv.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studentane kunnskap om kvifor det offentlege har arbeidd med befolkninga si helse, korleis det offentlege har søkt å fremje helse og kva helsepolitikken har hatt å seie. Studentane har òg innsikt i det ikkje-autoriserte helsevesenet, og kvifor nokon vel alternative behandlingsformer.

Ferdigheiter

Studentane har tileigna seg evne til kritisk refleksjon i høve til feltet, dei kan skriva ein resonnerande tekst og kan nytta faglege kunnskapar på teoretiske problemstillingar.

Generell kompetanse

Studentane kan diskutera faglege tema med andre med bakgrunn innafor fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Eksamen er open for personar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gitt som forelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ein 6 timars skuleeksamen.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

HEMB250

Litteraturliste

Pensum er på 1200 -1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap