Emner: HEMB111 Historiske og kulturelle perspektiv på helse - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

Studiet skal gje innsikt i kvifor og korleis det offentlege har arbeidd for å fremje helse i befolkninga og i teoretiske og metodiske perspektiv på dette arbeidet. Emnet skal bidra med kunnskap om korleis relasjonen mellom det offentlege og det alternative på helse- og sjukdomsfeltet vert uttrykt.

Fagleg innhald

Strukturen i emnet er todelt. Den første delen tek opp offentleg helsepolitikk, medan den andre delen tek opp folkelege førestellingar av helse i eit kulturelt og historisk perspektiv. I den første delen vert det gjeve ei innføring i historia til den offentlege helsepolitikken og korleis slik politikk kan analyserast. Kva er grunngjevinga for bestemte trusseloppfatningar, kva har vore avgjerande for val av midlar og metodar, korleis har ulike delar vorte sett saman til ein meir heilskapleg offentleg helsepolitikk, og kva kan ein seie om resultata? I den andre delen vert det gjeve ein introduksjon til helsesystemet som eit kulturelt system. I helsesystemet finn ein både autorisert og ikkje-autorisert medisin. Innanfor det kulturelle perspektivet vert hovudvekta lagt på den folkelege tanke- og idéverda og dei førestellingane knytt til sjukdom og behandling som ein finn der. Den modellen av helsesystemet som vert presentert er ikkje bunden til tid og stad, og opnar difor opp for folkemedisin / alternativ medisinsk dokumentasjon både i eit historisk og eit notidsperspektiv.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studentane kunnskap om kvifor det offentlege har arbeidd med befolkninga si helse, korleis det offentlege har søkt å fremje helse og kva helsepolitikken har hatt å seie. Emnet skal også gje studentane innsikt i det ikkje-autoriserte helsevesenet, kvifor nokon vel alternative behandlingsformer og kven som gjer det. Dette skal føre til forståing for kva kulturell meining dette kan få for den enkelte, og refleksjon knytt til kulturelle endringar, men også for kritisk resonnement i utviklinga av helsesystemet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan òg gå opp til eksamen i dette emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert gjeve 12 dobbelttimar undervisning på emnet. Undervisinga kan ha form delvis som forelesing og delvis som seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Seks timars skuleeksamen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

HEMB250

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no200

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap