Bachelor
Norsk
Emnet gir ei innføring i kva religionsvitskap er og i sentrale problemstillingar, omgrep, tema, teoriar, tilnærmingar og tradisjonar innanfor faget. Det blir også gitt ei innføring i korleis religion fungerer i samspel med andre system i samfunnet, som til dømes politikk, populærkultur og økonomi.
RELV101 er ein obligatorisk del av bachelorstudiet og årsstudiet i religionsvitskap.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Kunnskap om sentrale problemstillingar, omgrep, tema og teoriar innan religionsvitskapen, og i tillegg innsikt i faget sine ulike tradisjonar og tilnærmingar.
Ferdigheiter
Evne til kritisk samanlikning av ulike tilnærmingsmåtar til fenomenet religion.
Evne til reflektert bruk av sentrale omgrep innan religionsvitskapen.
Evne til å setje seg inn i eit omfattande og kompleks tekstmateriale på både norsk og engelsk.
Grunnkompetanse
Generell innsikt i religionsvitskapeleg vokabular og faghistorie.
Erfaring med å planleggje og gjennomføre eit skriftleg arbeid av eit bestemt omfang over tid.
Erfaring med å fortolke og presentere faglege problemstillingar skriftleg og munnleg i gruppesamanheng.
Ingen
Ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk. I tillegg til generell studiekompetanse bør derfor studenten ha gode engelskkunnskapar.
Obligatoriske aktivitetar er
(a) ei oppgåve (mellom 850 og 1200 ord) som skal leverast i midten av semesteret. Oppgåvene skal leverast elektronisk via Kark.
(b) deltaking ved gruppeundervisning der det blir kravd minst 50% oppmøte. Studentane må førebu seg og setje seg inn i tekstane som blir tekne opp i gruppeundervisninga.
(c) Alle studentar skal halde ein presentasjon ein gong i samsvar med opplegget på obligatorisk gruppeundervisning.
Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen.
Alle obligatoriske aktivitetar må gjennomførast i same semester. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.
Eksamen består av ein sju dagars heimeeksamen (mellom 2200 og 2700 ord).
Eksamen blir avvikla kvart semester.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)