Emner: RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religioner - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om hinduisme og buddhisme, og kunnskapar om historia og særtrekk til dei andre religionane. Studenten skal også studere eit utval tekster knytt til hinduismen og buddhismen.

Emnet gjev ei innføring til hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar. Særleg vekt er lagt på hinduismen og buddhismen.

RELV103 er ein obligatorisk del av bachelorstudiet og årsstudiet i religionsvitskap.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar
Kunnskap om opphav, utvikling og variasjon innanfor hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar, innsikt om sentrale idear, omgrep og ritar innanfor desse religionane, samt om deira gjensidige påverknader og brytningar og deira samspel med kulturen elles.
Kunnskap om sentrale tema og problemstellingar innanfor studiet av desse religionane, samt om grunnleggjande forskingsperspektiv og -omgrep.

Ferdigheiter
Evne til å setje seg inn i eit variert tekstmateriale på både norsk og engelsk, kunne behandle og vurdere informasjon kritisk, analysere fagstoff og dra eigne slutningar, samt evne til å kunne skrive ei resonnerande tekst.

Generell kompetanse
Røynsle med å kunne planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, samt med å tolke og presentere informasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning skjer normalt i form av 20-30 forelesingar à to timar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og/eller kollokviegrupper, leia av timelærarar eller undervisningsassistentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva består av eit essay og 10 spørsmål som skal svarast på kort. Begge eksamensdelane må vere bestått. På kvart spørsmål er det mogleg å få 0, ½ eller 1 poeng, og for å bestå denne delen av eksamen må kandidaten ha minst 5 poeng.

Spørsmålsdelen tel 20% og essaydelen 80%. Den samla karakteren på delane vert endeleg karakter på RELV103.

Eksamen vert avvikla i kvart semester. Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.

Karakterskala

Karakter vert gjeve etter gradert karakterskala frå A til F på både spørsmålsdelen og essaydelen, der F er stryk.

Fagleg overlapp

RELV103L

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)