Emner: RELV227 Religion og menneskeretter - Høst 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigne seg grunnleggande kunnskap om korleis menneskerettane fungerer, og inngåande kunnskap om kva slags rettar og avgrensingar menneskerettane set. Studentane skal få kunnskap om korleis FN og det europeiske menneskerettsregime regulerer balansen mellom religionsfridomen til enkeltindivid og religionar og andres religionsfridom, rett til respekt for privatliv, rett til ikkjediskriminering, ytringsfridom m.v. Særskild aktuelle problemstillingar er menneskerettane og dei forskjellige religionane sine haldningar til politikk, kjønn, sex, diskriminering, religionskritikk og rett til å utøve sin religion.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

Grunnleggande kunnskap om korleis menneskerettane fungerer, og brei kunnskap om kva slags rettar og avgrensingar religion har ifølgje menneskerettane.

Ferdigheiter

- evne til å analysere menneskerettslege problemstillingar og trekkje eigne slutningar ut frå gjeldande menneskerettar

- evne til å skrive ein analytisk tekst om religion og menneskerettar

- erfaring med å formidle informasjon, idear og problemstillingar om emne

Generell kompetanse

Generell innsikt i korleis menneskerettane fungerer og evne til å skrive religionsfaglege analysar av menneskerettslege problemstillingar. Kompetanse til å skrive ein analytisk fagtekst med utgangspunkt i sjølvvald problemstilling.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt to timar pr veke med forelesingar og seminar, totalt 18 timar. I tillegg kjem rettleiing for semesteroppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing på oppgåva

Vurderingsformer

Eksamen består av to komponentar: ei rettleia semesteroppgåve (5000-7000 ord) og ein justerande munnleg eksaminasjon. Innlevering av semesteroppgåva skal skje elektronisk.

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Fagleg overlapp

RELV327

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1200 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)