Emner: KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Læringsmål
KUVI106 tek sikte på å gje ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar.
Fagleg innhald
KUVI106 rettar søkjelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar, og søkjer å avdekkja dei kulturelle mønstra som er med å forma individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekkja vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori.

Læringsutbyte

Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studentane ha kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv.
Ferdigheiter:
Studentane har fått kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet.
Generell kompetanse:
Studentane kan skriva ein resonnerande tekst og kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er opent for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gjeve i form av førelesingar og seminar. Normalt omkring 10 førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skriva to oppgåver med oppgjeve emne. Kvar oppgåve skal vera på om lag 1200 ord (ca. 3 sider). Faglærar gjev skriftleg tilbakemelding på oppgåva, men inga rettleiing ut over dette. Fristar for innleveringar blir kunngjort i Studentportalen. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Seks timars skuleeksamen. Ordinær eksamen blir halden kvart semester. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for å kunna møta til eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

KUVI256

Vurderingssemester

Vår og haust.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.