Emner: NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Både vår- og haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er basert på eit breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå og med norrøn tid og fram til 1900. I tillegg inneheld emnet eit litteraturhistorisk og eit teoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer om lag 2/3 av emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg les studentane eit utval sakprosa.

Emnet skal gje studentane innsikt i eldre litteratur og kulturutvikling. Det byggjer vidare på kunnskapane frå NOLI102 og er retta mot framtidige norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som utøver yrke der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav.

Emnet skal gje studentane god kjennskap til sentrale nordiske, særleg norske, tekstar og forfattarskapar frå norrøn tid og fram til 1900.

Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter skjønnlitteraturen til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve som er relevante for meiningsproduksjonen i den einskilde teksten. Men emnet skal også bidra til refleksjon omkring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar.

Emnet skal vidareføre det sjangerteoretiske utgangspunktet studentane fekk på NOLI102.

Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde til skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet skjønnlitteratur-sakprosa.

Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig og over tid med ei skjønnlitterær eller litteraturhistoriografisk problemstilling og til å drøfte dette arbeidet med dei andre studentane.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne

- gjere greie for innhald, form og tematikk i den einskilde litterære pensumteksten

- drøfte den litteraturhistoriske plasseringa av pensumtekstane

- gjere greie for sentrale nordiske, særleg norske, forfattarskapar frå og med norrøn tid og fram til 1900

- drøfte litteraturhistorisk plassering av eldre nordiske tekstar som ikkje er på pensum, og analysere slike tekstar ved hjelp av sjangerteoretiske omgrep

- drøfte og problematisere ulike tilhøve ved litteraturhistorisk periodisering

- drøfte og problematisere dei litterære hovudsjangrane og skiljet skjønnlitteratur-sakprosa med tekstar som døme

- samanlikne ulike tekstar med omsyn til litteraturhistoriske og sjangermessige trekk

- gje ei sjølvstendig utgreiing om meir spesifikke problemstillingar knytte til eit sjølvvalt litterært tema

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NOLI102. Instituttet tilrår sterkt at studentane avlegg eksamen i NOLI102 før dette emnet.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: om lag 52 timar (tilsvarande 2 dobbeltimar i veka)

Seminar: om lag 26 timar (tilsvarande 1 dobbeltime i veka)

Gjennomføringa av seminaret er avhengig av ressurssituasjonen på instituttet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere eitt skriftleg arbeid i løpet av semesteret. Den obligatoriske oppgåva skal skrivast på bokmål.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig berre i semesteret for godkjenninga.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar. Den skriftlege prøva skal skrivast på nynorsk.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt stor vekt på om studenten skriv korrekt og godt.

Godkjend obligatorisk oppgåve er ein føresetnad for å gå opp til skriftleg eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A til F.

Litteraturliste

Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Episke og dramatiske tekstar har låg vekting. Instituttet fastset pensumet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no