Emner: MUG117 Musikkhistorie klassisk - Vår 2011




Studiepoeng

10.0

Undervisningssemester

Emnet startar i haustsemesteret og går over 2 semester. Emnet er lagt til 1. og 2. semester i bachelorprogrammet.

Mål og innhald

Etter fullført emne vert det forventa at studentane har bygd opp eit forråd av viktige musikkteoretiske omgrep, eit relevant lytterepertoar, samt ein musikkanalytisk beredskap. Til saman skal omgrep og musikk skapeforståing av klassisk musikkhistorie som stilhistorie.

Det vert gjeve innføring i:

-europeisk kunstmusikk frå antikken til ca. 1970

-norsk musikkhistorie fra ca. 1800 til ca. 1970

-stil- og verkanalytiske metoder

-oppgåveskriving

Klassisk musikkhistorie vert fortløpande søkt sett inn i ein breiare kunst- og idéhistorisk samanheng. Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 20 verk.

Krav til forkunnskapar

Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk.

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskaper i musikkteori, uten at desse treng være formelt dokumentert.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning består av forelesingar og oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og må vera gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen med prøver i

To sensorar, der ein sensor er ekstern.

Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F.

Emneevaluering

Det vert gjennomført evaluering i form av spørreskjema. Det vert utarbeidd ein skriftleg rapport av emneansvarleg.