Emner: MUG108 Musikkteori II - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Undervisningssemester

Haust og vår. Undervisninga startar kvart haustsemester, og går over to semester.

Mål og innhald

Emnet omfattar sats- og høyrelære. Desse vert integrert om tilhøva ligg til rette for det.
Satslære omfattar fordjuping i generalbass og kontrapunkt, og dessutan arbeid med relevante satstypar, inkludert analyse og imitasjon. Høyrelære omfattar primavistasong og -rytme, fritonalitet, auditiv analyse, kombinasjonsøvingar/polyrytmikk, funksjonslytting, besifringsspel, og dessutan melodi-, rytme- og akkorddiktat. Emnet utfyller musikkteori I.
Emnet tek sikte på å gje studentane nærare innsyn i sentrale teoretiske emne, og gjev såleis høve til fordjuping der musikkteori I går i breidda.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- kan skriva ein sats i kontrapunktisk og homofon stil
- har eit språk for å beskrive harmonisk progresjon
- dokumenterer evne til å gje att melodi, rytme og akkordprogresjon gjennom lytting

- les og meistrar komplekse rytmiske strukturar og melodiar med modulasjon i prima vista-oppgåver.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MUG107 Musikkteori I, eller tilsvarande.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar/fellesundervisning, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på førelesingar og gruppeundervisning.

Oppgåveinnlevering av gjevne oppgåver, normalt 5 til 8.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:
1. Satslære: minimum 5 godkjende oppgåver.
Oppgåvene til mappene vert valt ut i samråd med faglærar. Intern sensur.
2. Høyrelære: munnleg eksamen. To sensorar, der minst ein er ekstern
Mappa i satslære må vere greidd før munnleg eksamen.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.