Emner: MKU101 Innføring i Midtøstenkunnskap. Kultur, religion og samfunn:
De lange linjene. - Høst 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår.

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet få innsikt i på den eine sida kulturøkologi og evolusjon som perspektiv på samfunn og kultur, dvs. samanheng mellom verdiar, miljø, befolkning, teknologi, organisasjon og kunnskap, og læra å kjenna analyser av notidige regionale kulturtrekk. Her vil hovudvekta ligge på å forstå korleis menneske i regionen er del av ei livsverd som både ber i seg denne kulturtradisjonen og i tillegg er prega av moderniserings- og globaliseringsprosessar.

Totalt gjev emnet ei oversikt over menneskeleg tilpassing og historie i regionen frå ca. 10 000 f. Kr. til i dag. Oversikta kombinerer døme på menneskeleg tilpassing til ulike tider, og gjev innføring i ulike perspektiv på korleis ein kan teoretisere omkring slike store samanhengar.
Gjennom kurset skal såleis studenten øve opp ein del grunnleggande ferdigheiter i komparativ tankegang og i å forbinde regional etnografi med meir allmenn teori og tematikk i dei tre faga som samarbeider om emnet, nemleg arkeologi, religionsvitskap og sosialantropologi.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført studium skal studenten

-ha god oversikt over kultur- og samfunnsutviklinga i Midtausten,

-ha kunnskap om den betydninga Midtausten som region har for breiare kulturhistoriske mønstre, særleg regionale særtrekk i Midtausten i forhold til tilgrensande regionar, og Midtausten sin rolle i den vidare islamske verda.

- ha ei generell forståing av det kulturhistoriske rammeverket og ei innsikt i dei endringsprosessane som førte til utviklinga av ulike former for jordbruksøkonomi, dyrkningsformer og husdyrhald,

- ha ei forståing av korleis religionens utvikling til alle tider er vevd saman med kulturell og samfunnsmessig utvikling,

Ferdigheiter:

Ved fullført studium skal studenten

- kunna gjera greie for ulike teoretiske modellar, samt symbolske, ideologiske og økologiske forhold som fører frem til kulturell endring i Midtausten i lys av kultur- og samfunnsutviklinga i regionen, frå ca. 10 000 f. Kr. til i dag,

- kunna drøfta dei viktigaste etnografiske særtrekka i regionen med vekt på familieformer, slektskapsformer, kjønnsrelasjonar, religion, sosial stratifikasjon og andre grunnleggande former for sosial organisasjon,

Generell kompetanse:

Ved fullført studium skal studenten ha

- evne til å analysera fagstoff og trekka eigne slutningar,

- evne til å skriva ein resonnerande tekst.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

I tillegg til generell studiekompetanse bør studenten ha gode engelskkunnskapar.

Krav til studierett

Emnet inngår i det obligatoriske grunnlaget for Bachelorprogram i Midtaustenkunnskap. Talet på studieplassar er begrensa, og studentar på bachelorprogrammet har førsteprioritet til emnet. Emnet kan også inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad og kan studerast som eit etter- eller vidareutdanningsemne.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 16 forelesingar (à to timer), tre relevante filmframsyningar, og eitt oppgåveskrivingsseminar. Studentane vert sterkt oppmoda til å danna sine eigne studiegrupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal til fastsett tid levera inn ei skriftleg oppgåve. Oppgåva skal vera på om lag 1000 ord og studentane får ei veke til å skriva oppgåva. Oppgåva vert vurdert til godkjend/ikkje-godkjend.

Obligatoriske aktivitetar må vera godkjende for å gå opp til eksamen.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva består av både ei langsvaroppgåve og av 6 småspørsmål knytta til ulike delar av pensum, som skal svarast på kort. Begge eksamensdelane må vera bestått. På kvart av småspørsmåla er det mogleg å få 0, 0,5 eller 1 poeng, og for å bestå denne delen av eksamen må kandidaten ha minst 4 poeng. Langsvarsoppgåva vert gjeve karakter, og det er denne karakteren som er endeleg karakter på MKU101.

Eksamen vert avvikla i slutten av vårsemestra. Det vert avvikla særskilt eksamen i emnet etter søknad til Utdanningsavdelinga.

Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Utdanningsavdelinga.

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1200 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Emneevaluering

Studentane skal evaluera emnet i samsvar med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, vennligst ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 30 29/ 55 58 33 70.

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR).