Master
Vår/haust etter behov.
Studiet vil gi studentane auka kjennskap til gresk språk og litteratur, i første rekkje på område som ikkje blei valde på bachelornivå. Dette er eit fordjupingsstudium innanfor eit avgrensa område av gresk språk og litteratur. Det kan gjelde eit område som alt tidlegare har inngått i studiet (t.d. gresk drama, historieskriving eller retorikk), ein ny periode (t.d. ein bysantinsk litteraturgenre), eller eit spesialfelt som epigrafikk eller paleografi.
Studentane skal få oppøvd evna til å forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art. Det fører med seg meir omfattande lesing av sekundærlitteratur, og kan gjennom spesialiseringa førebu val av tema for mastergradsoppgåva.
Minst 90 studiepoeng i gresk på bachelornivå (eller dokumentert tilsvarande kunnskapar).
Undervisninga blir gitt i form av individuell rettleiing. Undervisninga blir om råd er samordna med undervisninga på tilsvarande kurs på 200-nivå. Studentane skal også parallelt følgje dei metode- og oppgåveseminara som blir gitt ved fagmiljøet for å få metodisk og anna fagleg skolering som kan kome til nytte i tekststudiet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk rettleiing på semesteroppgåva.
Semesteroppgåve på omlag 15 sider under obligatorisk rettleiing. I tillegg kjem munnleg eksamen. Munnleg blir gitt etter sensur på semesteroppgåve og har justerande funksjon med inntil éin karakter opp eller ned.
Karakterskala A-F.
Pensum vert fastsett i samråd med faglærar.
Tekstar som har inngått i bachelorgraden kan ikkje leggjast opp på nytt.
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no