Emner: MUV315 Spesialemne I for komponister - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Læringsmål

Studenten skal gjennom dette fordjupingsarbeidet utvikla eit sjølvstendig kunstnarleg uttrykk på høgt nivå.

Fagleg innhald

Her legg instituttet til rette for at studenten får utvikla spesialiseringa si gjennom høveleg teoretisk og praktisk arbeid.

Undervisningsmetodar

Studenten framstiller eit større verk eller fleire kortare verk eller satsar for offentleg framføring, anten med krefter frå instituttet eller med musikarar utanfrå. Lengd og kompleksitet vert avtalt med faglærar. I samband med arbeidet skal studenten setja seg inn i aktuelle problemstillingar, relevante verk og teknikkar. Når det er mogleg, skal studenten delta aktivt i innstuderinga.

Studenten skal gi ein munnleg presentasjon av dette arbeidet, til dømes i seminarform. Presentasjonen kan dreia seg om eige verk og produksjonsprosess, det kan vera ei utgreiing om relevant bakgrunnslitteratur og verkstudiar, teknikkar som er brukte, osb.

Obligatorisk undervisning:

Prosjektet vert rettleia av lærar i hovuddisiplinen, og vert til vanleg gjennomført i løpet av første semester.

Undervisningssemester

Haust og vår. 1. og 2. semester.

Tilrådde forkunnskapar

Me føreset at studenten er teken opp til mastergradsprogrammet i komposisjon. Sjå avsnittet "opptaksgrunnlag" ovanfor.

Vurdering / eksamensformer

Vurderinga vert gjort av minst to faglærarar. Karakterar: Greidd eller ikkje greidd.

Evaluering

Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen og studenten. Denne evalueringa er basert på ein felles mal, og vert utarbeidd skriftleg.

Det vert også gjennomført evaluering av gruppeundervisning, prosjekt, og liknande, og det skjer i form av spørjeskjema. Ein rapport vert utarbeidd på bakgrunn av tilbakemeldingane.

Den faglege leiinga ved instituttet skal ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.