Emner: MUV302 Musikalsk refleksjon II - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Læringsmål

I dette emnet vert det gitt kunnskapar og erfaringar som kan nyttast i det kunstnariske arbeidet generelt og arbeidet med mastergradsoppgåva spesielt. Det vil bli lagt vekt på å kunne oppøve ferdigheit i kritisk tenking og i å uttrykke seg skriftlig og munnlig om relevante problemstillingar. Målet er at studenten skal få eit godt grunnlag for å ta sjølvstendige kunstnarlege val og oppnå originalitet og høgt kunstnarleg nivå.

Fagleg innhald

Emnet tek sikte på å gi teoretiske og praktiske innføringar som skal støtta opp om det utøvande og/eller skapande arbeidet.

Emnet vil bestå av forskjellige tema. Desse vil variere og ta utgangspunkt i samansetjinga av den aktuelle studentgruppa. Problemstillingar innan desse tema vil vera spesielt aktuelle:

Støtteemne innanfor sceneopptreden og formidling kan også være aktuelle for utøvarar.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gitt i form av obligatoriske samlingar i vårsemesteret. Ein plan for undervisninga vert utarbeidd for kvart semester. Det vil være egne undervisningsplanar for utøvarar og komponistar. Dei obligatoriske samlingane vil kunne være i form av førelesningar, diskusjonsfora, open interpretasjonsundervisning (meisterklasse), oppgåveseminar, spesielle fellesprosjekt (utøvande/skapande) m.m. Det kan verta tilbode kurs i samarbeid med andre institutt ved UiB eller eksterne institusjonar. Deltaking (minst 80%) i obligatorisk undervisning er gyldig i to semester.

Undervisningssemester

Vår.

Tilrådde forkunnskapar

Me føreset at studenten er teken opp til mastergradsprogrammet i utøving eller komposisjon.

Vurdering / eksamensformer

Eksamen vil bestå av ein skriftleg heimeoppgåve (8 - 10 sider) eller foredrag (konsert- el. demonstrasjonsforedrag, varigheit: ca. 30 minutt) med sjølvvalt emne. Oppgåveemnet må være knytt til problemstillingar innan det utøvande eller skapande arbeidet. Emnet må godkjennas på førehand av den studieansvarlige. Eksamensformer for MUV 301 og MUV 302 må fordelas slik at konsert- el. demonstrasjonsforedrag blir valt for det eine kurset (MUV 301 eller 302) og skriftlig oppgåve for det andre kurset (MUV 301 eller 302).

Karakterar: Greidd eller ikkje greidd. Vurderinga vert utført av minst to faglærarar. Eksamen må vera evaluert til greidd før studenten kan melda seg opp til eksamen i mastergradsoppgåva.

Evaluering

Jamleg evaluering skjer i dialog mellom læraren i hovuddisiplinen, student og akkompagnatør. Denne evalueringa er basert på ein felles mal, og vert utarbeidd skriftleg.

Det vert også gjennomført evaluering av gruppeundervisning, prosjekt, og liknande, og det skjer i form av spørjeskjema. Ein rapport vert skriven med bakgrunn i tilbakemeldingane.

Den faglege leiinga ved instituttet skal ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.