Emner: MUV311 Konsertframføring II - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Læringsmål

Studenten skal gjennom arbeidet fram mot ein offentleg konsert utvikla eit sjølvstendig kunstnarleg uttrykk på høgt nivå.

Fagleg innhald

Instituttet legg her til rette for at studenten får høve til å opptre på ein høgt profilert offentleg konsert med krevjande repertoar.

Undervisningsmetodar

Konsertrepertoaret skal til vanleg vera på minst 30-40 minuttar, og kan til dømes organiserast som ei avdeling i eit konsertprogram. Dersom tilhøva ligg til rette for det, kan konserten gjennomførast i eit orkester eller ensemble på høgt profesjonelt nivå.

Obligatorisk undervisning:

Innstuderinga skjer i andre semester, og vert rettleia av lærar i hovuddisiplinen og eventuelt av akkompagnatør.

Undervisningssemester

Vår.

Tilrådde forkunnskapar

Me føreset at studenten er teken opp til mastergradsprogrammet i utøving. Emnet offentleg konsert I må vera gjennomført og greidd.

Vurdering / eksamensformer

Eksamen vert gjennomført som konsert, til vanleg i slutten av 2. semester. Lydfesta opptak frå konsert kan i særleg høve gjelde som vurderingsgrunnlag Vurderinga vert gjort av minst to faglærarar. Karakterar: Greidd eller ikkje greidd.

MUV310 og MUV311 kan settas saman til ein konsert, som vanlegvis vert teken i 2. eller 3. semester.

Evaluering

Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen, student og eventuell akkompagnatør. Denne evalueringa er basert på ein felles mal, og vert utarbeidd skriftleg. Det vert også gjennomført evaluering av gruppeundervisning, prosjekt, og liknande, og det skjer i form av spørjeskjema. Ein rapport vert utarbeidd på bakgrunn av tilbakemeldingane. Den faglege leiinga ved instituttet skal ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.