Emner: REG302 Natur og kulturmiljøforvaltning - Vår 2011




Studiepoeng

10.0

Undervisningssemester

Haust.

Mål og innhald

Emnet er sett saman av tre temaområde: Naturlandskap, kulturhistorie/miljø og forvaltning av desse i ein nasjonal og internasjonal samanheng. Kurset hentar primært eksempel frå den

vestnorske regionen, ved at eit tar for seg naturhistoria og kulturhistoria frå dette området.

Fokus vert retta mot korleis samspelet mellom naturlege føresetnader, kulturelle tradisjonar

og ytre impulsar har gått føre seg på Vestlandet frå den tidligaste forhistoria og fram til i dag.

Kurset tar og for seg ulike natur- og kulturmiljø og korleis desse vert forvalta og verna i

dagens samfunn.

Emnet dekker følgjande tre hovudområde:

Naturlandskap på Vestlandet: Berggrunnsgeologi, kvartærgeologi og landformer, vær og

klima, vatn og hav, vegetasjon og vegetasjonsregionar, dyreliv i hav og på land.

Forhistorie og historie på Vestlandet: Tidlige fangst- og jordbrukssamfunn, utvikling av

landbruk, fangst og sjøbruk, busetnadhistorie, arkitektur og byutvikling, kulturlandskapet som

kunnskapsbase, Vestlandet som kulturregion.

Forvaltning og vern: Næringsutvikling, byutvikling og arealforvaltning, friluftsliv og

rekreasjonsverdiar, landskapsvern og forvaltning, kulturminnevern og kulturmiljøforvaltning,

natur- og kulturlandskapsvern i eit internasjonalt perspektiv

Læringsutbyte

Ein student som har tatt emnet Natur- og kulturmiljøforvaltning skal:

- ha kunnskapar om naturforhold og prosessar i naturen, kulturutvikling, historie,

kulturmiljø og kulturminne på Vestlandet.

- ha innsikt i korleis natur- og kulturmiljø vert forvalta og verna i eit nasjonalt og eit

internasjonalt perspektiv.

- ha kjennskap til, og danne seg, holdningar til den allmenne verdien av kulturarv og

naturmiljø, og dei skal ha ferdigheiter i å analysere relasjonen mellom utviklingsinteresser og

verneinteresser.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er basert på førelesingar, 20 timar. Institutt for biologi, Institutt for geovitskap

og Geofysisk institutt held førelesingane på det første temaområdet (Naturlandskap på

Vestlandet).

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, samt Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, held forelesingane på dei to siste områda (Forhistorie og historie på Vestlandet, samt Forvaltning og vern).

Vurderingsformer

Eksamensordning og eksamensform:

Eksamen består av ein firedagars heimeeksamen der studentane leverer ei oppgåve på om lag 3000 ord.

Eksamen blir berre avvikla i det semesteret undervisning blir gitt.

Vurderingssemester

Haust.
Eksamen blir berre avvikla i det semesteret undervisning blir gitt.

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no

Vurdering / eksamensformer