I samråd med rettleiar skal studenten uforme ein problemstilling og sette seg inn i relevante teoriar og tidligare arbeid med relevans for temaet og/eller området.
Studenten skal vidare gjennomføre eit eige arbeid av praktisk og/eller teoretisk art knytt opp mot problemstilling, og etter praktisk/teoretisk behandling skal dette etter maksimum to år (for heile masterprogrammet) munne ut i ei masteroppgåve.
Studenten skal med rettleiing gjennomføre ein 60 studiepoeng masteroppgåve og gjennom denne vise god kjennskap til tilnærmingar og teoriar knytt opp mot tema Region og regionalisering. Dei skal òg ha innsikt i aktuelle forskingstema knytt til regional endring. Studentane skal ha ferdigheiter i å anvende dynamiske perspektiv i analysen av regionar, og ha forståing av samspelet mellom globale og lokale forhold.
Bestått kursdel
Rettleiing og seminar
Avsluttande mastereksamen består av ei innlevert masteroppgåve, ein munnleg presentasjon (på ca. 20 minutt) av dei viktigaste resultata i masteroppgåva og ein munnleg prøve innanfor masteroppgåva sitt temafelt. Det blir gitt 1 - ein samla karakter for desse.
studieveileder@ahkr.uib.no