Emner: RELV302 Religionsvitenskap: Spesialiseringsemne - Høst 2011




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.

Studenten skal velje eit av fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk karakter. Nærare omtale av dei enkelte tema får ein i Informasjonsheftet for religionsvitskap, utgitt av Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Oppdatert informasjon om kva tema som vert undervist i inneverande semester finst i heftet og i Studentportalen.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap

Djupnekunnskap innafor temaet.

Kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.

Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.

Ferdigheiter

Evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.

Evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.

Evne til å finne relevant fagleg informasjon.

Evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.

Evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.

Generell kompetanse

Generell innsikt i temaet.

Erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For RELV302 er avlagt eksamen i RELV101 og minst eit av dei andre emna på 100-nivå sterkt å tilrå. Andre krav til forkunnskapar er gjort greie for under omtalen av dei enkelte emnealternativa.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar som er tatt opp til masterstudiar ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og seminarundervisning.

Utanom forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i temaa kunna skje i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Sjå dei enkelte temaalternativ for nærare opplysingar. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne møte til eksamen.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar.

Eksamen vert avvikla kvart semester. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere oppfylde for å kunne møte til eksamen. Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått. Eksamen vert avvikla kvart semester.

Fagleg overlapp

Tilsvarande tema på RELV202

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1200-1500 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)