Emner: RELV302 Religionsvitenskap: Spesialiseringsemne - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Læringsmål

Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.

Fagleg innhald

Studenten skal velja eit av fleire moglege emnealternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk karakter, som t.d. islam, kristendom, hinduisme, buddhisme, religionar i antikken, norrøn religion, religion og menneskerettar og norsk kristendom. Det er ikkje mogleg å velja ei spesialisering som ein alt har eksamen i frå RELV202. Valet bør skje i samråd med kontaktlærar/rettleiar. Nærare omtale av dei enkelte spesialiseringane får ein iInformasjonsheftet for religionsvitskap, utgittav Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Oppdatert informasjon om kva emne som vert undervist i inneverande semester finst iheftet og i Studentportalen.

RELV302 er ein obligatorisk del av masterstudiet i religionsvitskap, men kan etter søknad til instituttet skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15-studiepoengsemne frå eit anna fag.

Ei utskifting medRELV302SEM, RELV307eller RELV308 vert godkjent utan søknad.

Undervisningsmetodar

Utanom eventuelle forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i spesialiseringane kunna skje i form av rettleiing.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Obligatorisk aktivitet knytt til undervisninga. Sjå dei enkelte emnealternativa for nærare opplysningar. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere oppfylde for å kunne møte til eksamen.

Undervisningssemester

Vår og høst.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet bygger på ei spesialisering på til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. Dette grunnlaget må innehalda ei brei innføring i faget og emna RELV101 og RELV201, eller tilsvarande. Andre krav til forkunnskapar er gjort greie for under dei enkelte spesialiseringsalternativa.

Læremiddelomtale

Pensum omfattar om lag 1000 sider.

Vurdering / eksamensformer

Eksamen i RELV302 er ei skriftleg prøve på seks timar. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Eksamen vert avvikla kvart semester. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere oppfylde for å kunne møte til eksamen. Det vert avvikla særskilt eksamen i emnet etter søknad til Studieadministrativ avdeling.

Evaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligga til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.