Emner: DIDAREL1 Fagdidaktikk i religion, livssyn og etikk 1 - Høst 2011




Studiepoeng

7.5

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal:

- utvikle eit fagsyn, det vil seie at dei sjølve skal kunne grunngje målsettingane i religions- og livssynsfaga ut frå fagas danningspotensiale og fagas funksjon i samfunnet i fortid og nåtid, samt utvikle evne til å kritisk reflektere over og vurdere eiga undervisning for stadig å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i skolefaga

- bli kjent med religionsvitskapleg fagdidaktisk teori og viktige rammevilkår for undervisning og læring

- bli kjent med skolens rammevilkår, kompetansar og ressursar som moglegheiter og avgrensingar i undervisning og læring

- bli kjent med ulike metodar for å undervise om religion og livssyn

- diskutere føremon og ulemper med ulike vurderingsformer

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studentane skal

- kunne drøfte aktuelle utfordringar for religionsvitskapleg fagdidaktikk

- ha kjennskap til den historiske bakgrunnen til RLE-faget

- kunne drøfte aktuelle utfordringar med religionsfagas plass i skolen

- ha kjennskap til læreplanen i RLE, kunne tolke den i høve til opplæringas overordna mål og verdiar

- kunne gje døme på korleis religions- og livssynsfaga har utvikla seg i nokre andre land

Ferdigheiter:

Studentane skal vere i stand til å

- bruke læreplanen til medvite stoffutval og lokal tilpassing

- skilje mellom ulike typar kjelder, reflektere over kjeldekritikkens tyding for RLE-faget og leggje til rette for å formidle kjeldekritikk til elevane

- med utgangspunkt i læreplanens føringar leggje opp til ein motiverande, variert og aktiviserande undervisning, med bruk av eit breitt repertoar av undervisningsprinsipp og metodar

- vise korleis ein ved nære og konkrete døme frå lokalmiljøet og elevanes eigen kunnskap kan skjøne større samanhenger, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt

- vurdere lærebøker og andre hjelpemiddel i faget

Generell kompetanse:

Studentane skal

- kunne konkretisere målsetjingane i RLE på ein sjølvstendig måte med utgangspunkt i fagleg kunnskap, forståing for kultur- og danningspotensial i faget og kunnskap om den funksjonen faget har og har hatt i samfunnet i fortid og notid

- kunne utvikle elevanes samfunnsforståing og deira ferdigheit til å kunne vurdere informasjonsflaumen i samfunnet

- utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i RLE

Krav til forkunnskapar

Minst 60 studiepoeng religionsvitskap/religionshistorie frå universitet eller høgskole.

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen med minimum 60 studiepoeng i religionsvitskap/religionshistorie frå universitet eller høgskole.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og seminar i teoriperioden på til saman 7 veker. DIDAREL 1 vert knytt til praksis på 7 veker i ungdomsskolen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling. Difor er det obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga.

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAREL1 kan studentane bli pålagt å gjere inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Omfang og konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semester- og eksamensplanar.

Vurderingsformer

Mappevurdering med to tekstar: til saman om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa i byrjinga av semestret.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er på opptil 500 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap