Emner: DIDAREL2 Fagdidaktikk i religion og etikk 2 - Høst 2011




Studiepoeng

7.5

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal:

- utvikle eit fagsyn, det vil seie at dei sjølve kan grunngje målsettingane i livssynsfaga ut ifrå fagas danningspotensiale og faga funksjon i samfunnet i fortid og nåtid, og utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for stadig å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i skolefaga

- bli kjent med religionsvitskapleg fagdidaktisk teori og viktige rammevilkår for undervisning og læring

- bli kjent med skolens rammevilkår, kompetanse og ressursar som moglegheiter og avgrensingar i undervisning og læring

- bli kjent med ulike metodar for å undervise om religion og livssyn

- diskutere føremon og ulemper med ulike vurderingsformer

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studentane skal kunne

- drøfte aktuelle utfordringar for religionsvitskapleg fagdidaktikk

- gje døme på korleis religions- og livssynsfaga har utvikla seg i nokre andre land

- tolke læreplanen i religion og etikk i høve til opplæringas overordna mål og verdiar, og kunne bruke læreplanen til medvite stoffutval og lokal tilpassing

Ferdigheiter:

Studenten skal vere i stand til å

- drøfte aktuelle utfordringar med religionsfagas plass i skolen

- vurdere lærebøker og andre hjelpemiddel i faget

- skilje mellom ulike typar kjelder, reflektere over religionskritikkens tyding for religion og etikk- faget og leggje til rette for å formidle kjeldekritikk til elevane

- vise korleis man ved nære og konkrete døme frå lokalmiljøet og elevanes eigen kunnskap kan skjøne større samanhenger, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt

- med utgangspunkt i læreplanens føringar leggje opp til ein motiverande, variert og aktiviserande undervisning, med bruk av eit breitt repertoar av undervisningsprinsipp og metodar

Generell kompetanse:

Studentane skal kunne

- konkretisere målsetjingane i religion og etikk på ein sjølvstendig måte med utgangspunkt i fagleg kunnskap, forståing for kultur- og danningspotensial i faget og kunnskap om den funksjonen faget har hatt i samfunnet i fortid og notid

- utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i RLE

- utvikle elevanes samfunnsforståing og deira ferdigheit til å kunne vurdere informasjonsflaumen i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning med minimum 60 studiepoeng religionsvitskap/religionshistorie frå universitet eller høgskole.

Eksamen i DIDAREL1 må vere avlagt før DIDAREL2.

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen med minimum 60 studiepoeng religionsvitskap/religionshistorie frå universitet eller høgskole.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og seminar i teoriperioden på til saman 7 veker. DIDAREL2 vert knytt til praksis på 7 veker i vidaregåande skole.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling. Difor er det obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga.

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAREL2 kan studentane bli pålagt å gjere inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semester- og eksamensplanar.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Munnleg eksamen inneber to døgns forberedingstid. Ved oppmelding vel studenten eksamensform slik at ein tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er mogleg å bytte eksamensform i dei to emna. Frist for å bytte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er på opptil 500 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap