Emner: MUV2073 Korledelse - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår. Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
-kan dirigera med bruk av taktfigurar.
-kan formidle tempo, karakter og dynamikk til eit vokalensemble.
-har metodar for å innstudere repertoar med eit ikkje-skolert vokalensemble/kor.
-kjenner til liturgisk og profan musikk for kor

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet etter individuell søknad

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- kurs i barnekormetodikk
- observasjon av barnekorarbeid
- konsertframføringar
- fellestimar.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Eksamen skal gjennomførast som ein konsert, der studenten leier innstuderinga og framføringa av eit repertoar på 15 minutt, a cappella eller med instrumentalfølgje. Intern sensur.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no