Emner: MUV2073 Korledelse - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Mål og innhald

Emnet skal hjelpe studenten til å meistre grunnleggjande direksjons- og vokalteknikk, og til å formidle uttrykk og interpretasjon andsynes ensemblet.

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i korleiing og høver særleg for studentar med song eller orgel som hovuddisiplin, men andre studentar kan òg søkje.

Krav til forkunnskapar

Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentane skal få øving i grunnleggjande direksjonsteknikk, innstuderingsmetodikk og interpretasjon. Studentane i studieeininga utgjer øvingskor. Akkompagnementspel skal normalt utførast av dei studentane som har tasteinstrument som hovudinstrument.
Det skal arbeidast med korleiing, direksjonsteknikk og repertoar jamleg, i fellestimar og i mindre grupper. Studentane tek aktivt del i konsertar, liturgiske framføringar og andre prosjekt (til dømes innspelingar) knytt til undervisninga. Eigeninnsats omfattar førebuing av eige direksjonsrepertoar, innøving og prøveverksemd utan rettleiar.
Fellesprosjekt med andre emneeiningar som barokkensemble 15/30 studiepoeng (MUV240/241), samtidsmusikk (MUV218), arrangering/instrumentasjon (MUV2076) og kontrapunkt/generalbass (MUV2077) er aktuelt når tilhøva ligg til rette for det.
Det blir òg gjeve innføring i barnekormetodikk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- kurs i barnekormetodikk
- observasjon av barnekorarbeid
- konsertframføringar
- fellestimar.

Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Eksamen skal gjennomførast som ein konsert der studenten leier innstuderinga og framføringa av eit repertoar på 15 minutt, a cappella eller med instrumentalfølgje. Intern sensur.
Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.
Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.