Emner: DIKULT103 Digitale sjangere: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill - Høst 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i ulike sjangrar av kunstuttrykk og kulturelle artefaktar som er særeigne for nettet og datamaskinen, særleg databasert kunst og nettverkskunst, elektronisk litteratur og dataspel. Digital kultur gjer det nødvendig å tenkje nytt omkring tradisjonelle forståingar av sjangrar som kunstobjekt, performance, roman, dikt og spel. Samstundes veks det fram nye sjangrar og former for kulturelle artefaktar. Desse krev nye modellar for analyse, spesifikke for datamaskina som medium og for nettverkskonteksten som desse artefaktane er produsert og distribuert i. DIKULT103 gir eit oversyn over desse nye sjangrane og ei innføring i modellar for akademisk diskurs og analyse som er særeigne for dei. Innafor ei generell ramme av sjangerforståing vil studentane lære å analysere digitale artefaktar i samtida, både strukturelt og som tekst, bilete og hending.

Læringsutbyte

Etter å ha tatt emnet skal studenten ha:

Etter å ha tatt emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil ha form av forelesingar og seminar over tretten veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir gitt to obligatoriske oppgåver i samband med undervisninga, i form av to korte skriftlege analysar av digitale kulturelle artefakter. Dei obligatoriske oppgåvene må bli vurdert til godkjend/ikkje godkjend før studenten kan gå opp til endeleg eksamen.

For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga og i dei aktivitetane som undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg

Vurderingsformer

Skuleeksamen på fem timar.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no