Emner: ARK302 Arkeologi: Landskap, kulturminner, forvaltning - Vår 2011




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Ved UiB/ekskursjonar

Mål og innhald

Undervisninga har fem mål: Studentane skal få: (1) god kunnskap om kulturminne i høve til landskap frå ulike periodar, (2) innsikt i dei mest sentrale metodane for å påvise, datere og tolke dei, (3) innsikt i lovrelatert vern/forvaltning og sjå det i lys av verneteori og verneideologi, (4) Innsikt i korleis ein formidlar fagkunnskapen til eit allment publikum og (5) røynsle med å arbeide i grupper.

Det er ei målsetting at studiet skal gi kunnskap om forvaltning av kulturminna. Det inneber samtidig at vern blir relatert til overordna verneteori. I tillegg inneber det at fagkunnskapen kontinuerlig må formidlast til eit breitt publikum.

Studiet er bygd opp kring dei sentrale elementa - natur, kultur og forvaltninga av kulturminne og kulturlandskap og formidling av kunnskapen om kulturminna. Emnet tar opp tilhøvet mellom menneske og dei landskap dei levde i førhistorisk tid og mellomalder. Emnet femner om teori som tek opp omgrep og ulike synsmåtar på landskap og dessutan empiri kring landskap og kulturminne frå både jeger-sankarsamfunn, tidlige jordbrukssamfunn og frå jarnalder og mellomalder. Ein tek også opp korleis fagkunnskapen om desse emna skal formidlast til eit allment publikum.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne/vise følgjande:

Kunnskap
Studenten skal få fordjupa kunnskapar om kulturminne i høve til landskap frå ulike periodar, kunnskap om dei mest sentrale metodane for å påvise, datere og tolke dei, kunnskap om lovrelatert vern/forvaltning og i å sjå det i lys av verneteori og verneideologi, og kunnskap om korleis ein formidlar fagkunnskapen.

Ferdigheiter
Studenten skal ha innsikt i korleis ulike typar landskap har vore utnytta og forstått til ulik tider, innsikt i den politiske og praktiske bakgrunnen for kulturminneloven og korleis den praktiserast i dag, innsikt i ulike verneteoriar og ideologiar og bruk av ulike formidlingsmetodar.

Generell kompetanse
Studenten har generell innsikt i emnet, har røynsle med analyse av forholdet mellom kulturminne og landskap, har røynsle med formidling av kunnskapen til eit allment publikum, og har røynsle med å arbeide i grupper.

Krav til forkunnskapar

Kurset kan vere opent for studentar på masternivå frå andre fag, eventuelt også fungere som etterutdanningskurs.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er opent for alle som er teke opp på masterstudiet i arkeologi ved AHKR. Andre masterstudentar ved Det humanistiske fakultet kan søke om å få ta emnet. Emnet kan og fungere som etterutdanning.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningsforma består av førelesningar, ekskursjonar og gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på ekskursjonane er obligatorisk.

Vurderingsformer

Individuell munnlig presentasjon (10-15 minutt) av ei oppgåve knytt til ekskursjon.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Ca. 1000 sider, av dei er halvparten valfri/tilrådd av rettleiar.

Emneevaluering

Undervisninga vil med jamne mellomrom bli evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Læringsmål

Her i landet har ein hatt lovpålagt vern av kulturminne eldre enn 1537 sidan 1905. Lova har i løpet av desse ca. hundre åra blitt endra/utvida. Det er ei måsetting at studiet skal gi kunnskap om forvaltning av kulturminna. Det inneber samtidig at vern blir relatert til overordna verneteori og -ideologi.

Undervisninga har tre mål: Studentane skal få god kunnskap om kulturminne i høve til landskap frå ulike periodar og innsikt i dei mest sentrale metodane for å påvise, datere og tolke dei. Studentane skal få innsikt i lovrelatert vern/forvaltning og sjå det i lys av verneteori og verneideologi.

Fagleg innhald

Studiet er bygd opp kring dei sentrale elementa - natur, kultur og forvaltninga av kulturminne og kulturlandskap. Emnet tar opp tilhøvet mellom menneske og dei landskap dei levde i i førhistorisk tid og mellomalder. Tradisjonelt har ein innan arkeologien lagt vekt på dei økologiske og økonomiske aspekta ved landskapet, der busetjing, erverv og territoriell utnytting er sentrale element. I dag vil ein dessutan legge vekt på at landskapet påverkar mennesket med omsyn til verdsoppfatning og at landskapet også fungerer som eit rom der sosiale og ideologiske opfatninger og konflikter blir nedfelt og markert. Emnet femner om både teori som tar opp omgrep og ulike synsmåtar på landskap og dessutan empiri kring landskap og kulturminne frå både jeger-sankarsamfunn, tidlige jordbrukssamfunn og frå jarnalder og mellomalder.

Undervisningsmetodar

Undervisningsform: Seminar og ekskursjon.

Undervisningssemester

Kurset vert halde i haustsemesteret.

Krav til forkunnskapar

Kurset kan vere åpent for studentar på masternivå frå andre fag, eventuelt også fungere som etterutdanningskurs.

Læremiddelomtale

Ca. 1000 sider, av dei er halvparten valfri/tilrådd av rettleiar.

Vurdering / eksamensformer

Muntleg presentasjon av eit kulturminne (10-15 minutt), knytta til ekskursjon (greidd/ikkje greidd).