Emner: DIKULT302 Sentrale teorier i digital kultur - Vår 2011




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omhandlar sentrale teoriar frå fagfeltet digital kultur. Teoriar er dei analytiske reiskapa som forskaren brukar for å observere, fortolke og skildre verda. Dei set forskningsobjektet inn i ein fagleg kontekst og gjer det tilgjengeleg for analyse og tolking. Målet med DIKULT302 er å gi studentane ei djupare forståing av korleis forholdet mellom menneske, teknologi og samfunn har blitt teoretisert innan fagfeltet. Gjennom forelesingar og eige arbeid skal studentane lære å vurdere og bruke sentrale teoriar i masterstudiet sitt.

Vi rår til at DIKULT302 blir tatt i første semester av mastergradsstudiet (haust) saman med DIKULT301: Metodar og mastergradsprosjekt i Digital kultur.

Læringsutbyte

Etter å ha tatt emnet skal studenten ha:

Etter å ha tatt emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er DIKULT104 eller DIKULT206/DIKULT251.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i digital kultur.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av forelesing og seminar med eit møte på tre timar kvar veke over tretten veker. Undervisninga baserer seg på aktiv deltaking frå studentane si side.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal lage ein annotert bibliografi over sentrale tekstar som blir drøfta i undervisninga. Bibliografien må vere vurdert som godkjent av emneansvarleg for at studenten skal få tilgang til å gå opp til eksamen.

For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga og i dei aktivitetane som undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over sju dagar.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum er på omlag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no