Emner: EXPHIL-JUSEM Examen philosophicum - seminarmodell - Høst 2011




Studiepoeng

10.0

Undervisningssemester

Det blir gitt undervisning berre i haustsemesteret.

Mål og innhald

Examen philosophicum har som mål å gi studentane ved Universitetet i Bergen ei innføring i universitetet sine idétradisjoner så vel som universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Ex.phil. har som formål å gi eit overordna filosofisk perspektiv på akademisk kultur og danning.

Formål Juss-varianten:

Dei læringsmål som gjeld examen philosophicum generelt, gjeld òg for Juss-varianten. Studentane som vel denne varianten skal nå desse læringsmåla ved å arbeide med problemstillingar som er relevante for rettsvitskapen. Det vil være koplingar mellom ex.phil.-pensum og examen facultatum.

Ex.phil.-alfa

Læringsmåla i denne delen er:

- Studentane skal gjere seg kjent med filosofiske spørsmål. Meir spesifikt skal studentane kjenne til korleis omgrep og teoriar i vestleg filosofi, eksempelvis filosofiske teoriar om rettferd og om vitskapleg erkjenning, kan nyttast til å kaste lys over rettsvitskapen. Studentane skal mellom anna lære korleis retten kan studerast både sett i relasjon til samfunnet og som eit normativt system.

- Studentane skal kunne svare på ei oppgåve der det blir krevd at desse omgrepa og teoriane nyttast på eksempel henta frå det juridiske feltet.

Ex.phil.-alfa skal innehalde:

- ei kort innføring i ulike syn på filosofien sitt vesen

- ei systematisk utgreiing av den filosofiske debatten om spørsmål som gjeld retten sin legitimitet i samfunnet, juss som vitskap og særdraga ved juridisk argumentasjon

Under retten sin legitimitet i samfunnet blir følgjande handsama: (1) maktfordeling, (2) rettar og (3) moral (inkludert skiljet mellom rettspositivisme og naturrettstenking).

Under juss som vitskap blir følgjande handsama: (1) det vitskapsteoretiske grunnlaget for den rettsdogmatiske metoden (inkludert (i) rettsrealisme og (ii) rettspositivisme) og (2) ulike måtar å skildre retten på.

Under særdraga ved juridisk argumentasjon blir følgjande handsama: (1) samspelet mellom verdiar, institusjonelle reglar og individuelt skjønn og (2) den hermeneutiske dimensjonen.

Ex.phil.-beta

Læringsmåla i denne delen er:

- Studentane skal lære omgrep og metodar som kan øve opp evna til presis språkbruk og stringent argumentasjon.

- Studentane skal lære å løyse praktiske oppgåver knytta til språkbruk og argumentasjon der eksempelmaterialet hovudsakleg blir henta frå juridiske tekstar.

Ex.phil.-beta skal innehalde følgjande punkt, der det siste punktet utgjer ein like stor del som dei tre første punkta til saman:

- Språkfilosofi: Omgrep som 'uttrykk', 'tyding', 'fleirtydige uttrykk', 'vage tydingar', 'kontekst'. Skiljet mellom det deskriptive og det normative.

- Språktolking som metode for å kartleggje og redusere språklege fleirtydingar. Samspelet mellom uttrykk og kontekst. Forholdet mellom språktolking og juridisk tolking.

- Definering: Ulike typar normative definisjonar av språklege uttrykk. Krav til normative definisjonar. Skiljet mellom definisjonar og andre typar utsegn.

- Argumentasjon: Den generelle strukturen i eit resonnement. Deskriptiv og normativ argumentasjon. Analyse av argumentativ struktur i juridiske tekstar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga på seminarmodellen omfattar:

- ei førelesingsrekkje (8 førelesingar) i kvar av dei to emnedelane

- ei seminarrekkje (8 gonger) i kvar av dei to emnedelane

- individuell fagleg rettleiing i samband med skrivinga av seminaroppgåva i kvar av dei to emnedelane

Studentar som vel seminarmodellen, blir plasserte i ei seminargruppe med plass til om lag 25 studentar. Seminargruppa er den same for dei to emnedelane. Kvar seminargruppe har sin eigen seminarleiar, med ansvar for undervisning og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminarmodellen føreset aktiv deltaking gjennom heile undervisningsperioden. Alle studentar må møte på første seminarsamling (i den emnedelen som startar opp først). Studentar som ikkje møter første gong, risikerer å miste plassen i seminargruppa.

Det følgjande er arbeidskrav som må vere oppfylte i løpet av semesteret for at mappa skal bli vurdert. Det er ikkje høve til å overføre oppfylte arbeidskrav frå eit semester til eit anna. Studentane på seminarmodellen skal:

- ta del på minst 6 av 8 av seminara i kvar emnedel. Eit fråver frå undervisninga som går ut over to seminarsamlingar i ein emnedel, fører til at mappa ikkje blir vurdert

- gi ein munnleg presentasjon i kvar av seminarrekkjene

- levere eit utkast til seminaroppgåve innan gjeldande frist i kvar emnedel

- møte til avtalte individuelle rettleiingar

- levere ei seminaroppgåve på om lag 1500 ord i kvar emnedel

- gjennomføre breiddetest i kvar emnedel. Studenten må ha fått godkjent denne testen i begge emnedelar for å få vurdert seminaroppgåvene. Det blir arrangert kontinuasjonsprøve.

Vurderingsformer

Studentane på seminarmodellen skal skrive ei seminaroppgåve i kvar emnedel. Denne oppgåva arbeider studentane med undervegs i undervisningsperioden. Oppgåvene blir samla i ei mappe og blir vurderte som studenten sitt eksamensarbeid. Til denne mappa er det knytt visse arbeidskrav som må være oppfylte for å få mappa vurdert (sjå "Obligatoriske aktivitetar").

Studentar må registrere seg og melde seg opp til eksamen i StudentWeb. Korrekt eksamensmelding er emnekode "EXPHIL-JUSEM".

Overgang frå seminarmodell til skuleeksamen:

Studentar som har meldt seg opp til eksamen på seminarmodellen, men som undervegs i semesteret bestemmer seg for å gå opp til skuleeksamen, må endre eksamensmeldinga. Frist for å melde overgang blir kunngjort på Mi side.

Studenten får separat karakter på kvar av dei to seminaroppgåvene. Den samla karakteren på ex.phil. er gjennomsnittet av karakterane på seminaroppgåvene. Det blir gitt bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Studenten må bestå både alfa- og beta-delen for at ex.phil. skal bli godkjent. Med stryk i ein eller begge delane, må begge delane av ex.phil. gjennomførast på nytt.

Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. blir gjort med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

exphil@uib.no

Fagleg innhald

Examen philosophicum (ex.phil.) gir studentane ei innføring i allmenne idear og grunnproblem som har nedfelt seg i universitetstradisjonen. Ex.phil. presenterer denne tradisjonen sine problem frå ein filosofisk synsvinkel. Etiske, vitskapsfilosofiske, logiske og argumentasjonsteoretiske problemstillingar inngår her.

Studiet skal gi studentane ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i den vestlege tenkinga. Det blir lagt stor vekt på at studentane sjølve skal utvikle sine evner til å arbeide med slike grunnlagsproblem. Dette gjeld alle fakultetsvariantane. Utvalet av problemstillingar er likevel fakultetstilpassa. Dette tyder at ein vektlegg filosofiske problemområde som er særleg sentrale innan det røyndomsfeltet som blir dekka av det fakultetet som studenten har valt å studere ved.

Examen philosophicum består av to delar, ex.phil.-alfa og ex.phil.-beta.

Examen philosophicum er ein del av førstesemesterstudiet. Det består av examen philosophicum, examen facultatum og eventuelle andre innføringsemne som blir bestemt av fakulteta innanfor førstesemesteret si ramme på 30 studiepoeng. Desse emna skal ha ein indre samanheng. Examen philosophicum gir eit overordna filosofisk perspektiv. Dei andre førstesemesteremna vil innehalde innføringar i grunnlagsproblem som er karakteristiske for faga ved det aktuelle fakultetet.