Emner: EXPHIL-MOSEM Examen philosophicum - seminarmodell - Høst 2011




Studiepoeng

10.0

Undervisningssemester

Det blir gitt undervisning berre i haustsemesteret.

Mål og innhald

Examen philosophicum har som mål å gi studentane ved Universitetet i Bergen ei innføring i universitetet sine idétradisjonar så vel som universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Ex.phil. har som formål å gi eit overordna filosofisk perspektiv på akademisk kultur og danning.

Det blir lagt stor vekt på at studentane sjølve skal utvikle sine evner til å arbeide med slike grunnlagsproblem. Dette gjeld alle fakultetsvariantane. Utvalet av problemstillingar er likevel fakultetstilpassa.

Ex.phil. MO har som mål å gi ei innføring i nokre hovuddrag ved vestleg filosofi frå antikken til den moderne tid, utan å pretendere å gi ei dekkjande filosofihistorisk framstilling. Vidare har ex.phil. MO som mål å gi ei tematisk innføring i sentrale grunndrag og grunnlagsproblem ved dei vitskapane som ligg til grunn for medisin og helsefag. Så vel klassiske som nyleg aktualiserte problemstillingar knytta til medisinsk og helsefagleg verksemd gjer ulike former for filosofisk arbeid naudsynt, samtidig som den filosofiske tradisjonen ofte viser seg å være eit adekvat reiskap for å forstå dei medisinske og helsefaglege problemstillingane. Denne varianten av ex.phil. vil derfor nærme seg filosofiske problemstillingar gjennom medisinske og helsefaglege eksempel. I første del vil fokus bli retta generelt mot epistemologi og vitskapsteori, og stoffet vil bli kopla til medisinsk tenking gjennom tidene. Andre halvdel vil fokusere på to filosofiske problemstillingar av spesiell relevans, nemleg tilhøvet mellom kropp og sjel, og normativ teori.

Følgjande tema inngår:

Del I

  1. Kva er viten og kva kan vi vite? Antikkens filosofi: Hippokrates, Sokrates, Platon og/eller Aristoteles.
  2. Kva er sanning, vitskap og rasjonalitet? Normer for argumentasjon og bruk av omgrep. Kva kjenneteiknar gode argument (haldbarheit og relevans)? Vitskap blir forstått både som teori og som framstillingar med ein gyldig argumentativ/logisk struktur.
  3. Demarkasjon, falsifikasjon og pseudovitskap. Hypotesetesting
  4. Empirisme, realisme og kausalitet i medisinsk filosofi.

Del IIa

Sjela og kroppen, med fokus Descartes eller Spinoza, og tradisjonar i medisinsk tenking. Normalitet og patologi. Omgrepa norm og normalitet og deira betyding i medisinsk filosofi. Biologisk/naturvitskapleg reduksjonisme versus hermeneutikk som vitskaps-/menneskesyn i medisinen. Sjukdomsomgrepet.

Del IIb

Normativ teori. Utilitarisme og Kant. Forskingsetikk og medisinsk etikk. Strukturen av normativ/etisk argumentasjon. Vitskapleg integritet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga på seminarmodellen omfattar:

- ei førelesingsrekkje (16 førelesingar)

- ei seminarrekkje (15 gonger), leia av fagperson

- individuell fagleg rettleiing i samband med skrivinga av seminaroppgåve

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminarmodellen føreset aktiv deltaking gjennom heile undervisningsperioden. Alle studentar må møte på første seminarsamling. Studentar som ikkje møter første gong, risikerer å miste plassen i seminargruppa.

Det følgjande er arbeidskrav som må vere oppfylte i løpet av semesteret for at eksamensarbeidet skal bli vurdert. Det er ikkje høve til å overføre oppfylte arbeidskrav frå eit semester til eit anna. Studentane på seminarmodellen skal:

- ta del på minst 12 av 15 av seminara

- levere ei oppgåve innanfor tema frå pensum frå anten del I, IIa eller IIb, på om lag 1000 ord. Studenten må ha fått godkjent denne oppåva for å få vurdert seminaroppgåva.

- gi ein munnleg presentasjon

- levere eit utkast til seminaroppgåve

- møte til avtalte individuelle rettleiingar

- gjennomføre ein breiddetest . Studenten må ha fått godkjent denne testen for å få vurdert seminaroppgåva. Det blir arrangert kontinuasjonsprøve.

Vurderingsformer

Studentane på seminarmodellen skal skrive ei seminaroppgåve på om lag 3000 ord, som både skal vise at dei har kjennskap til sentrale teoretiske problem til minst ein av dei filosofane som er pensum, og vise korleis desse har relevans for problem i medisinsk og helsefagleg vitskapsteori. Denne oppgåva arbeider studentane med undervegs i undervisningsperioden. Oppgåva blir vurdert som studenten sitt eksamensarbeid. Studenten får karakter på seminaroppgåva. Det blir gitt bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Overgang frå seminarmodell til skuleeksamen: Studentar som har meldt seg opp til eksamen på seminarmodellen, men som undervegs i semesteret bestemmer seg for å gå opp til skuleeksamen, må endre eksamensmeldinga. Frist for å melde overgang blir kunngjort på Mi side.

Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. blir gjort med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

exphil@uib.no

Fagleg innhald

Ex.phil. gir studentane ei innføring i allmenne idear og grunnproblem som har nedfelt seg i universitetstradisjonen. Ex.phil. presenterer denne tradisjonen sine problem frå ein filosofisk synsvinkel. Etiske, vitskapsfilosofiske, logiske og argumentasjonsteoretiske problemstillingar inngår her.

Studentane ved ex.phil. ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet (MO-varianten) skal fokusere på det filosofiske og i nokon grad historiske grunnlaget for medisin- og helsefag, både gjennom vitskapsfilosofiske analysar av desse faga sin praksis og forsking, og gjennom studiet av sentrale tilskot i vestleg filosofi som har vore relevant for den medisinske verksemda. MO-varianten skal òg inkludere eit grunnlag for å arbeide systematisk med etiske problem innanfor klinisk verksemd og medisinsk og helsefagleg forsking, og stimulere refleksjon om samhandlingar mellom medisinsk og helsefagleg verksemd og samfunnet.