Emner: EXPHIL-MOSEM Examen philosophicum - seminarmodell - Vår 2011




Læringsmål

Examen philosophicum har som mål å gi studentane ved Universitetet i Bergen ei innføring i universitetet sine idétradisjonar så vel som universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Exphil har som formål å gi eit overordna filosofisk perspektiv på akademisk kultur og danning.

Formål MO-varianten:

Dei læringsmål som er gitt for Examen philosophicum generelt, gjeld òg for MO-varianten. Studentar som vel denne varianten, skal nå desse læringsmåla ved å fokusere på det filosofiske og i nokon grad historiske grunnlaget for medisin- og helsefag, både gjennom vitskapsfilosofiske analysar av desse faga sin praksis og forsking, og gjennom studiet av sentrale tilskot i vestleg filosofi som har vore relevant for den medisinske verksemda. MO-varianten skal òg inkludere eit grunnlag for å arbeide systematisk med etiske problem innanfor klinisk verksemd og medisinsk og odontologisk forsking, og stimulere refleksjon om samhandlingar mellom medisinsk og odontologisk verksemd og samfunnet.

Exphil-alfa

Exphil-alfa har som mål å gi ei innføring i nokre hovuddrag ved vestleg filosofi frå antikken til den moderne tid, utan å pretendere å gi ei dekkjande filosofihistorisk framstilling. I første del vil fokus bli retta generelt mot ontologi og epistemologi, og stoffet vil bli kopla til medisinsk tenking gjennom tidene. Andre halvdel vil fokusere på to filosofiske problemstillingar av spesiell relevans, nemleg tilhøvet mellom kropp og sjel, og normalitetsomgrepet. Følgjande tema inngår:

1. Kva er viten og kva kan vi vite? Antikkens filosofi: Hippokrates, Sokrates, Platon og Aristoteles. Framveksten av dei matematiske naturvitskapane. Galilei, Bacon, Descartes og Hume. Opplysing og modernitet.

2. Ontologi. Kosmostanken i antikk tenking. Platon og Aristoteles. Den moderne tid: Naturlover, kausalitet, det mekanistiske verdsbiletet og den astronomiske revolusjonen. Descartes og Galilei. Darwin og mennesket som biologisk vesen. Biologisk reduksjonisme.

3. Sjela og kroppen, med fokus på Platon, Aristoteles, Descartes og tradisjonar i medisinsk tenking.

4. Normalitet og patologi. Omgrepa norm og normalitet og deira betyding i medisinsk filosofi. Frå Descartes til Claude Bernard. Modernitetskritikk og Foucault.

Exphil-beta

Exphil-beta har som mål å gi ei tematisk innføring i sentrale grunndrag og grunnlagsproblem ved dei vitskapane som ligg til grunn for medisin og odontologi. Så vel klassiske som nyleg aktualiserte problemstillingar knytta til medisinsk og helsefagleg verksemd gjer ulike former for filosofisk arbeid naudsynt, samtidig som den filosofiske tradisjonen ofte viser seg å være eit adekvat reiskap for å forstå dei medisinske og helsefaglege problemstillingane. Denne delen av Exphil vil derfor nærme seg filosofiske problemstillingar gjennom medisinske og helsefaglege eksempel. Det inkluderer følgjande temaområde:

1. Kva er sanning, vitskap og rasjonalitet? Normer for argumentasjon og bruk av omgrep. Kva kjenneteiknar gode argument (haldbarheit og relevans)? Vitskap blir forstått både som teori og som framstillingar med ein gyldig argumentativ/logisk struktur. Definisjonar, definisjonstypar og krav til definisjonar blir tekne opp her.

2. Demarkasjon, falsifikasjon og pseudovitskap. Hypotesetesting og Popper. Paradigmeomgrepet til Kuhn. Eksempel: Er alternativ medisin vitskapleg?

3. Empirisme, realisme og kausalitet i medisinsk filosofi. Eksempel: Fortolking av kliniske forsøk, homøopati.

4. Vitskapsfilosofiske drag ved kliniske forsøk, inkludert ei innføring i omgrepet om operasjonelle definisjonar.

5. Sykdomsomgrepet sin status: verdinøytralt eller verdilada. Objektivitet og subjektivitet i sykdomskriterium.

6-7. Biologisk/naturvitskapleg reduksjonisme versus hermeneutikk som vitskaps-/menneskesyn i medisinen. Teksttolking versus tolking av naturvitskaplege observasjonar versus kvalitative / hermeneutiske / fenomenologiske metodar.

8-9. Forskingsetikk og medisinsk etikk. Meta-etikk. Strukturen av normativ/etisk argumentasjon. Autonomi-paternalisme, informert samtykke, arven etter Nürnberg, Helsinki-deklarasjonen.

Fagleg innhald

Examen philosophicum (Exphil) gir studentane ei innføring i allmenne idear og grunnproblem som har nedfelt seg i universitetstradisjonen. Exphil presenterer denne tradisjonen sine problem frå ein filosofisk synsvinkel. Etiske, vitskapsfilosofiske, logiske og argumentasjonsteoretiske problemstillingar inngår her.

Studiet skal gi studentane ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i den vestlege tenkinga. Det blir lagt stor vekt på at studentane sjølve skal utvikle sine evner til å arbeide med slike grunnlagsproblem. Dette gjeld alle fakultetsvariantane. Utvalet av problemstillingar er likevel fakultetstilpassa. Dette tyder at ein vektlegg filosofiske problemområde som er særleg sentrale innan det røyndomsfeltet som blir dekka av det fakultetet som studenten har valt å studere ved.

Examen philosophicum består av to delar, Exphil-alfa og Exphil-beta.

Undervisningsmetodar

Undervisninga på seminarmodellen omfattar:

- ei førelesingsrekkje (8 førelesingar) i kvar av dei to emnedelane

- ei seminarrekkje (8 gonger) i kvar av dei to emnedelane

- individuell fagleg rettleiing i samband med skrivinga av seminaroppgåva i kvar av dei to emnedelane

Studentar som vel seminarmodellen, blir plasserte i ei seminargruppe med plass til om lag 25 studentar. Seminargruppa er den same for dei to emnedelane. Kvar seminargruppe har sin eigen seminarleiar, med ansvar for undervisning og rettleiing.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Seminarmodellen føreset aktiv deltaking gjennom heile undervisningsperioden. Alle studentar må møte på første seminarsamling (i den emnedelen som startar opp først). Studentar som ikkje møter første gong, risikerer å miste plassen i seminargruppa.

Det følgjande er arbeidskrav som må vere oppfylte i løpet av semesteret for at mappa skal bli vurdert. Det er ikkje høve til å overføre oppfylte arbeidskrav frå eit semester til eit anna. Studentane på seminarmodellen skal:

- ta del på minst 6 av 8 av seminara i kvar emnedel. Eit fråver frå undervisninga som går ut over to seminarsamlingar i ein emnedel, fører til at mappa ikkje blir vurdert

- gi ein munnleg presentasjon i kvar av seminarrekkjene

- levere eit utkast til seminaroppgåve innan gjeldande frist i kvar emnedel

- møte til avtalte individuelle rettleiingar

- levere ei seminaroppgåve på om lag 1500 ord i kvar emnedel

- gjennomføre breiddetest i kvar emnedel. Studenten må ha fått godkjent denne testen i begge emnedelar for å få vurdert seminaroppgåvene. Det blir arrangert kontinuasjonsprøve.

Undervisningssemester

Det blir gitt undervisning berre i haustsemesteret.

Vurdering / eksamensformer

Studentane på seminarmodellen skal skrive ei seminaroppgåve i kvar emnedel. Denne oppgåva arbeider studentane med undervegs i undervisningsperioden. Oppgåvene blir samla i ei mappe og blir vurderte som studenten sitt eksamensarbeid. Til denne mappa er det knytt visse arbeidskrav som må være oppfylte for å få mappa vurdert (sjå "Obligatoriske aktivitetar").

Studentar må registrere seg og melde seg opp til eksamen i StudentWeb. Korrekt eksamensmelding er emnekode "EXPHIL-MOSEM".

Overgang frå seminarmodell til skuleeksamen:

Studentar som har meldt seg opp til eksamen på seminarmodellen, men som undervegs i semesteret bestemmer seg for å gå opp til skuleeksamen, må endre eksamensmeldinga. Frist for å melde overgang blir kunngjort på Mi side.

Studenten får separat karakter på kvar av dei to seminaroppgåvene. Den samla karakteren på Exphil er gjennomsnittet av karakterane på seminaroppgåvene. Det blir gitt bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Studenten må bestå både alfa- og beta-delen for at Exphil skal bli godkjent. Med stryk i ein eller begge delane, må begge delane av Exphil gjennomførast på nytt.

Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Evaluering

Evaluering av Exphil blir gjort med jamne mellomrom.

Kontaktperson

exphil@uib.no