Emner: EXPHIL-PSSEM Examen philosophicum - seminarmodell - Høst 2011




Studiepoeng

10.0

Undervisningssemester

Det blir normalt gitt undervisning berre i haustsemesteret.

Mål og innhald

Examen philosophicum har som mål å gi studentane ved Universitetet i Bergen ei innføring i universitetet sine idétradisjonar så vel som universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Ex.phil. har som formål å gi eit overordna filosofisk perspektiv på akademisk kultur og danning.

Formål PS-varianten:

Dei læringsmål som gjeld for examen philosophicum generelt, gjeld òg for psykologi-varianten. Dei studentane som vel denne varianten, skal nå desse læringsmåla ved å arbeide både med problemstillingar som er allment dannande og slike som er særleg relevante for psykologi-studentar. Delar av pensum vil utgjere ein naturleg overgang til pensum i resten av førstesemesterstudiet for psykologar.

Ex.phil.-alfa

Læringsmåla i denne delen er:

- Studentane skal få ei innføring i filosofiske problem som er særleg relevante for psykologi-studentar. I denne samanhengen vil ei problematisering av mennesket si antatte særstilling i forhold til andre biologiske skapningar stå sentralt.

- Med utgangspunkt i dette spørsmålet vil ein søkje å kaste lys over problem i epistemologi, sinnsfilosofi og moralfilosofi.

Ex.phil.-alfa skal innehalde:

- ei kort innføring i det som er særeige for filosofiske spørsmål, særleg med tanke på kontrasten til og kontinuiteten med vitskaplege spørsmål

- ei innføring i nokre grunnleggjande spørsmål innan epistemologi, sinnsfilosofi og etikk

Under epistemologi blir følgjande handsama:

Sentrale filosofiske oppfatninger av kva kunnskap er og kva mennesket kan vite (inkludert vitskapleg kunnskap). Empirisme, rasjonalisme, transcendentalfilosofi og pragmatisme skal handsamast.

Under sinnsfilosofi blir følgjande handsama:

Særtrekk ved mennesket sitt medvet om seg sjølv og omverda i forhold til andre biologiske skapningar, slik desse er blitt forstått i den filosofiske tradisjonen. Ulike syn på kva status desse særtrekka får i lys av samtidas vitskaplege erkjenning.

Under etikk blir følgjande handsama:

- ulike syn på moralens grunnlag, inkludert dygdsetikk, deontologisk etikk, utilitarisme

- ulike syn på spørsmålet om mennesket har ein fri vilje

- ulike syn på i kva utstrekning vitskapleg kunnskap kan ha noko å seie for

moralfilosofiske spørsmål

Ex.phil.-beta

Læringsmåla i denne delen er:

- Studentane skal gjennom pensum og undervisninga få teoretisk innsikt og praktiske reiskapar for kritisk forståing av språkbruk og argumentasjon.

- Det blir særleg lagt vekt på bruken av denne forståinga på konkrete eksempel henta både frå den allmenne samfunnsdebatten og materiale med særskilt relevans for psykologifaget.

Ex.phil.-beta skal innehalde:

- teori om forståing og klargjering av språklege utsegn og nemningar (tolkings- og definisjonslære)

- teori om argumentasjon, med særleg tanke på å avveie motstridande syn mot kvarandre og vurdere styrken til argument

- ei innføring i normer for sakleg språkbruk til bruk i den allminnelege samfunnsdebatten og i faglege debattar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga på seminarmodellen omfattar:

- ei førelesingsrekkje (8 førelesingar) i kvar av dei to emnedelane

- ei seminarrekkje (8 gonger) i kvar av dei to emnedelane

- individuell fagleg rettleiing i samband med skrivinga av seminaroppgåva i kvar av dei to emnedelane

Studentar som vel seminarmodellen, blir plasserte i ei seminargruppe med plass til om lag 25 studentar. Seminargruppa er den same for dei to emnedelane. Kvar seminargruppe har sin eigen seminarleiar, med ansvar for undervisning og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminarmodellen føreset aktiv deltaking gjennom heile undervisningsperioden. Alle studentar må møte på første seminarsamling (i den emnedelen som startar opp først). Studentar som ikkje møter første gong, risikerer å miste plassen i seminargruppa.

Det følgjande er arbeidskrav som må vere oppfylte i løpet av semesteret for at mappa skal bli vurdert. Det er ikkje høve til å overføre oppfylte arbeidskrav frå eit semester til eit anna. Studentane på seminarmodellen skal:

- ta del på minst 6 av 8 av seminara i kvar emnedel. Eit fråver frå undervisninga som går ut over to seminarsamlingar i ein emnedel, fører til at mappa ikkje blir vurdert

- gi ein munnleg presentasjon i kvar av seminarrekkjene

- levere eit utkast til seminaroppgåve innan gjeldande frist i kvar emnedel

- møte til avtalte individuelle rettleiingar

- levere ei seminaroppgåve på om lag 1500 ord i kvar emnedel

- gjennomføre breiddetest i kvar emnedel. Studenten må ha fått godkjent denne testen i begge emnedelar for å få vurdert seminaroppgåvene. Det blir arrangert kontinuasjonsprøve.

Vurderingsformer

Studentane på seminarmodellen skal skrive ei seminaroppgåve i kvar emnedel. Denne oppgåva arbeider studentane med undervegs i undervisningsperioden. Oppgåvene blir samla i ei mappe og blir vurderte som studenten sitt eksamensarbeid. Til denne mappa er det knytt visse arbeidskrav som må være oppfylte for å få mappa vurdert (sjå "Obligatoriske aktivitetar").

Studentar må registrere seg og melde seg opp til eksamen i StudentWeb. Korrekt eksamensmelding er emnekode "EXPHIL-PSSEM".

Overgang frå seminarmodell til skuleeksamen:

Studentar som har meldt seg opp til eksamen på seminarmodellen, men som undervegs i semesteret bestemmer seg for å gå opp til skuleeksamen, må endre eksamensmeldinga. Frist for å melde overgang blir kunngjort på Mi side.

Studenten får separat karakter på kvar av dei to seminaroppgåvene. Den samla karakteren på ex.phil. er gjennomsnittet av karakterane på seminaroppgåvene. Det blir gitt bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Studenten må bestå både alfa- og beta-delen for at ex.phil. skal bli godkjent. Med stryk i ein eller begge delane, må begge delane av ex.phil. gjennomførast på nytt.

Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. blir gjort med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

exphil@uib.no

Fagleg innhald

Examen philosophicum (ex.phil.) gir studentane ei innføring i allmenne idear og grunnproblem som har nedfelt seg i universitetstradisjonen. Ex.phil. presenterer denne tradisjonen sine problem frå ein filosofisk synsvinkel. Etiske, vitskapsfilosofiske, logiske og argumentasjonsteoretiske problemstillingar inngår her.

Studiet skal gi studentane ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i den vestlege tenkinga. Det blir lagt stor vekt på at studentane sjølve skal utvikle sine evner til å arbeide med slike grunnlagsproblem. Dette gjeld for alle fakultetsvariantane. Utvalet av problemstillingar er likevel fakultetstilpassa. Dette tyder at ein vektlegg filosofiske problemområde som er særleg sentrale innan det røyndomsfeltet som blir dekka av det fakultetet som studenten har valt å studere ved.

Examen philosophicum består av to delar, ex.phil.-alfa og ex.phil.-beta.

Examen philosophicum er ein del av førstesemesterstudiet. Det består av examen philosophicum, examen facultatum og eventuelle andre innføringsemne som blir bestemt av fakulteta innanfor førstesemesteret si ramme på 30 studiepoeng. Desse emna skal ha ein indre samanheng. Examen philosophicum gir eit overordna filosofisk perspektiv. Dei andre førstesemesteremna vil innehalde innføringar i grunnlagsproblem som er karakteristiske for faga ved det aktuelle fakultetet.