Emner: EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell - Høst 2011




Studiepoeng

10.0

Undervisningssemester

Det blir normalt gitt undervisning berre i haustsemesteret.

Mål og innhald

Examen philosophicum har som mål å gi studentane ved Universitetet i Bergen ei innføring i universitetet sine idétradisjonar så vel som universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Ex.phil. har som formål å gi eit overordna filosofisk perspektiv på akademisk kultur og danning.

Formål SV-varianten:
I tillegg til dei læringsmål som er gitt for examen philosophicum generelt, gjeld følgjande, meir spesifikke mål for SV-varianten:
- å gi studentane ei innføring i, og kunnskap om, ein del sentrale filosofiske emner som kan kaste lys over samfunnsvitskaplege grunnspørsmål
- å utvikle studentane sine evner til å vurdere vitskaplege arbeid
- å utvikle studentane sine evner til å gi akademiske framstillingar skriftleg og munnleg

Ex.phil. alfa
Alfa-delen gir ei framstilling av:

a) generelle filosofiske problemstillingar innanfor metafysikk, kunnskapsteori, moralfilosofi og sosialfilosofi med relevans for samfunnsvitskapane:

- Finst det nøytrale målestokkar for kunnskap og moral?

- Kva er grunnlaget for sikker kunnskap?

- Korleis kan vi grunngi moral og moralsk handling?

- Korleis blir identiteten til mennesket konstituert?

b) sentrale problemstillingar innanfor politisk filosofi:

- Kven bør styre i eit samfunn?

- Kva er ei rettferdig fordeling av gode og rettar?

- Kva er staten og kva gjer eit politisk styre legitimt?

- Kva er grensene for borgarane sin fridom?

Ex.phil. beta
Beta-delen gir ei framstilling av grunnleggjande emner som vedkjem språkbruk og argumentasjonsmåtar i samfunnsvitskapane. Kritisk drøfting av språk og argumentasjon i samfunnsvitskaplege samanhengar:

a) Tolking, presisering, definisjonslære og forklaringstypar
b) Allmenn argumentasjonsteori og argumentasjon i samfunnsvitskaplege samanhengar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga på seminarmodellen omfattar:

- ei førelesingsrekkje (8 førelesingar) i kvar av dei to emnedelane

- ei seminarrekkje (8 gonger) i kvar av dei to emnedelane

- fagleg rettleiing i samband med skrivinga av seminaroppgåva i kvar av dei to emnedelane

Studentar som vel seminarmodellen, blir plasserte i ei seminargruppe med plass til om lag 25 studentar. Seminargruppa er den same for dei to emnedelane. Kvar seminargruppe har sin eigen seminarleiar, med ansvar for undervisning og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminarmodellen føreset aktiv deltaking gjennom heile undervisningsperioden. Alle studentar må møte på første seminarsamling (i den emnedelen som startar opp først). Studentar som ikkje møter første gong, risikerer å miste plassen i seminargruppa.

Det følgjande er arbeidskrav som må vere oppfylte i løpet av semesteret for at mappa skal bli vurdert. Det er ikkje høve til å overføre oppfylte arbeidskrav frå eit semester til eit anna. Studentane på seminarmodellen skal:

- ta del på minst 6 av 8 av seminara i kvar emnedel. Eit fråver frå undervisninga som går ut over to seminarsamlingar i ein emnedel, fører til at mappa ikkje blir vurdert

- gi ein munnleg presentasjon i kvar av seminarrekkjene

- levere eit utkast til seminaroppgåve innan gjeldande frist i kvar emnedel

- møte til avtalte individuelle rettleiingar

- levere ei seminaroppgåve på om lag 1500 ord i kvar emnedel

- gjennomføre breiddetest i kvar emnedel. Studenten må ha fått godkjent denne testen i begge emnedelar for å få vurdert seminaroppgåvene. Det blir arrangert kontinuasjonsprøve.

Vurderingsformer

Studentane på seminarmodellen skal skrive ei seminaroppgåve i kvar emnedel. Denne oppgåva arbeider studentane med undervegs i undervisningsperioden. Oppgåvene blir samla i ei mappe og blir vurderte som studenten sitt eksamensarbeid. Til denne mappa er det knytt visse arbeidskrav som må vere oppfylte for å få mappa vurdert (sjå "Obligatoriske aktivitetar").

Studentar må registrere seg og melde seg opp til eksamen i StudentWeb. Korrekt eksamensmelding er emnekode "EXPHIL-SVSEM".

Overgang frå seminarmodell til skuleeksamen:

Studentar som har meldt seg opp til eksamen på seminarmodellen, men som undervegs i semesteret bestemmer seg for å gå opp til skuleeksamen, må endre eksamensmeldinga. Frist for å melde overgang blir kunngjort på Mi side.

Studenten får separat karakter på kvar av dei to seminaroppgåvene. Den samla karakteren på Exphil er gjennomsnittet av karakterane på seminaroppgåvene. Det blir gitt bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Studenten må bestå både alfa- og beta-delen for at Exphil skal bli godkjent. Med stryk i ein eller begge delane, må begge delane av Exphil gjennomførast på nytt.

Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. blir gjort med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

exphil@uib.no

Fagleg innhald

Examen philosophicum (ex.phil.) gir studentane ei innføring i allmenne idear og grunnproblem som har nedfelt seg i universitetstradisjonen. Ex.phil. presenterer denne tradisjonen sine problem frå ein filosofisk synsvinkel. Etiske, vitskapsfilosofiske, logiske og argumentasjonsteoretiske problemstillingar inngår her.

Studiet skal gi studentane ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i den vestlege tenkinga. Det blir lagt stor vekt på at studentane sjølve skal utvikle sine evner til å arbeide med slike grunnlagsproblem. Dette gjeld alle fakultetsvariantane. Utvalet av problemstillingar er likevel fakultetstilpassa. Dette tyder at ein vektlegg filosofiske problemområde som er særleg sentrale innan det røyndomsfeltet som blir dekka av det fakultetet som studenten har valt å studere ved.

Examen philosophicum består av to delar, ex.phil.-alfa og ex.phil.-beta.

Examen philosophicum er ein del av førstesemesterstudiet. Det består av examen philosophicum, examen facultatum og eventuelle andre innføringsemne som blir bestemt av fakulteta innanfor førstesemesteret si ramme på 30 studiepoeng. Desse emna skal ha ein indre samanheng. Examen philosophicum gir eit overordna filosofisk perspektiv. Dei andre førstesemesteremna vil innehalde innføringar i grunnlagsproblem som er karakteristiske for faga ved det aktuelle fakultetet.