Emner: GRE104 Gresk: Epikk og lyrikk - Vår 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar i første rekkje lesing av episke og lyriske tekstar frå den arkaiske perioden (750-480 f. Kr.), men også poetiske tekstar frå klassisk, hellenistisk og romersk tid kan inngå. Det blir også gitt innføring i gresk språkhistorie (serleg hovuddraga av greske dialektgrupper og litteraturspråk) og metrikk, eit oversyn over gresk religionshistorie og mytologi, og auka kjennskap til gresk litteraturhistorie (med serleg vekt på dei forfattarane som blir lesne).

Læringsutbyte

Studentane skal få innsikt i det som særmerker gresk episk og lyrisk dikting, og den kunnskapen om gresk språkhistorie, dialektgrupper, litteraturspråk og metrikk som er ein føresetnad for at ein skal kunne verdsette desse tekstane på originalspråket.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ein tilrår at eksamen i GRE101 og GRE102 er avlagt før studenten går opp til eksamen i GRE104.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10.)

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensum, med serleg innføring i metrikk og språkhistorie.

Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen består av ein munnleg prøve, der kandidaten skal lese, omsetje og analysere metriske tekstar frå pensum, og svare på spørsmål med utgangspunkt i tekstane og frå pensum elles.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensum er til saman på omlag 45 sider greske poetiske tekstar (30 line = 1 side) som skal lesast i kommenterte utgåver. Dessutan inngår systematiske framstellingar av gresk språkhistorie og metrikk, og oversyn over gresk religionshistorie og mytologi.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no