Emner: GRE203 Gresk: Stilskriving og attiske talere - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tilbyr eit studium av eit utval tekstar frå dei attiske talarane (særleg Lysias, Demosthenes, Isokrates). Også retoriske tekstar frå keisartida (t. d. Dion Khrysostomos, Ailios Aristeides, Libanios, Gregorios frå Nazianz) kan inngå i studiet.

Det vil óg bli gitt ei innføring i historia til den klassiske retorikken, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.

Læringsutbyte

Studentane skal få større kjennskap til gresk grammatikk/stilistikk og antikk retorikk både gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne og gjennom praktiske øvingar i omsetjing frå norsk til gresk.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Som forkunnskapar i gresk rår ein til at studenten har avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Skrivekurs, ev. også førelesingar over delar av pensumtekstane.

Ein enkelttime i veka.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar, der kandidaten skal omsetje ein tekst frå norsk til gresk (med ordbok til og frå gresk), og svare på spørsmål frå andre delar av pensum.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 100 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side). Minst 50 av desse sidene skal lesast i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei oversiktleg framstilling av klassisk retorikk og relevante delar av handbøker i grammatikk og stilistikk.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no