Bachelor
Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.
Emnet tilbyr eit studium av eit utval tekstar frå dei attiske talarane (særleg Lysias, Demosthenes, Isokrates). Også retoriske tekstar frå keisartida (t. d. Dion Khrysostomos, Ailios Aristeides, Libanios, Gregorios frå Nazianz) kan inngå i studiet.
Det vil óg bli gitt ei innføring i historia til den klassiske retorikken, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.
Som forkunnskapar i gresk rår ein til at studenten har avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10.
Skrivekurs, ev. også førelesingar over delar av pensumtekstane.
Ein enkelttime i veka.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar, der kandidaten skal omsetje ein tekst frå norsk til gresk (med ordbok til og frå gresk), og svare på spørsmål frå andre delar av pensum.
Karakterskala A-F.
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no