Emner: HIM201 Fordypning i Midtøstens historie - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i haustsemesteret.

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet inngår i bachelorprogrammet i Midtaustenkunnskap, men kan også studerast uavhengig av dette bestemte studieprogrammet. Emnet kan inngå i ein spesialisering i historie. Emnet består av eit tema som vil variere frå semester til semester. Eit tema skal vere ei tematisk og kronologisk avgrensa studieeining som inkluderer historisk teori og metode. Det blir kunngjort kva for tema det blir gjeve undervisning i.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha djupare historisk innsikt gjennom eit meir inngåande studium av eit avgrensa tema. Studenten skal kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til sjølvstendig drøfting av historiske problemstillingar og framstillingar innan det aktuelle temaet, og å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til kritisk tenking og problematisering av tematikk, teori og metode. Studenten skal ha erfaring med å analysere komplekse fenomen og å formidle historisk innsikt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Tilrådd startgrunnlag er emna HIM101 og HIM102.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt om lag 12 førelesningar). Undervisnings- og tematilbodet vil vere avhengig av lærarressursane som til kvar tid er tilgjengelege

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen.

Studenten kan berre gå opp til eksamen i eit tema det har vore gitt undervisning i same/inneværende semester, eller det fyrste påfylgjande semesteret, dersom eksamen tas i undervisningsfritt semester.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .

Det vert normalt avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (vårsemesteret).

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1400 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitenskap