Emner: HIS101 Oversikt over eldre historie - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Studiet omfattar perioden frå antikken til ca. 1750. Emnet er strukturert rundt tre oversiktstema: Det første, Bystat og imperium, er i hovudsak avgrensa geografisk til Middelhavsområdet og Midtausten og dekkjer tidsrommet opp til slutten av antikken. Det brukar ein sosiologisk innfallsvinkel til å kartleggja og forstå ulike måtar å innretta samfunn på. Det andre, Frå føydalisme til handelskapitalisme 500-1750, tar for seg økonomisk og sosial historie med utgangspunkt i Noreg og Europa, men etter kvart med eit globalt perspektiv. Det tredje oversiktstemaet, Europeisk stats- og organisasjonsutvikling 500-1750, er dominert av politisk historie og har som hovudmål å forklara utviklinga av det særeigne europeiske statssystemet, men i stadig jamføring med resten av verda.

Emnet er obligatorisk i ein spesialisering i historie, og i et historie årsstudium.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten skal ha grunnleggjande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar innanfor økonomisk, sosial og politisk historie opp til ca. 1750. Kunnskapane skal ha både norsk, europeisk og global referanseramme. Studenten skal også ha grunnleggjande kunnskap om historiefagets metode.

Ferdigheiter:

Studenten skal visa evne til å drøfta historiske problemstillingar, og til å trekkja eigne konklusjonar.

Generell kompetanse:

Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. Normalt 40 førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha bestått ei obligatorisk oppgåve, oppgåva skal være på 5-700 ord. Frist for innlevering av oppgåva blir gjort kjent ved semesterstart. Oppgåva vert vurdert bestått/ikkje bestått. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

6 timars skriftleg skuleeksamen. Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .

Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semesteret (vårsemesteret).

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitenskap